Feil om lungeflyteprøver

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I intervjuet med Tore Renberg i førre utgåve av Dag og Tid kom vi diverre i skade for å gjere ein feil. Det rette er at om ein ved lungeflyteprøven legg ein bit av lunga til eit dødt spedbarn i vatn, vil eitt av to skje: Han vil søkke eller flyte. Flyt lungebiten, tilseier det at barnet har døydd etter fødselen. Går lungebiten til botnar, tyder det at barnet var dødt i mors liv og kan altså ikkje ha blitt myrda av mor si.