JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Er jussen vegen til fred eller katastrofe i Palestina?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit barn drepe av åtak frå israelske fly og eit sørgjetog i Khan Yunis, sør på Gazastripa 8. november 2023.

Foto: Ibraheem Abu Mustafa / Reuters / NTB

4555
20231110
4555
20231110

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Gaza

Dag og Tid intervjua Israel-vennen Bjarte Ystebø 27. oktober. Han seier: «FN har ikkje moralsk autoritet i Midtausten-spørsmål. Spørsmålet er ikkje kva han [generalsekretæren] meiner, men kva jussen seier. Her forsvarer forskarar Israel.»

Eg fekk eit innblikk i den juridiske argumentasjonen, då eg las boka Palestina – Israels historiske og folkerettslige legitimitet, utgitt på Hermon forlag i 2020, openbert skriven for Israel-venner og kristenkonservative.

Her blir den juridiske tilnærminga framheva som den rette veg til sanning. Det som passar Israel si sak, blir framheva, mens motparten blir neglisjert og demonisert. San Remo-resolusjonen i 1920, då stormaktene gav jødane suverenitet over heile Palestina, som omfatta dagens Israel, Jordan, Judea, Samaria og Gaza, er det einaste folkerettsleg legale grunnlaget for oppretting av ein stat for det jødiske folket. Det som skjedde seinare med oppdelinga av det britiske mandatområdet i Palestina, mellom anna med opprettinga av Jordan, var eit svik og brot på folkeretten. FN si rolle blir karakterisert som utidig og ulovleg innblanding.

Oppgjeret etter første verdskrigen førte som kjent til nye katastrofar. Konferansen i San Remo, som var ein etterrakst av Versaillestraktaten, galdt mellom anna landegrenser i Midtausten. Med kolonimaktene Frankrike og Storbritannia i førarsetet vart resultatet prega av eigeninteresse.

Ein heim for jødane var nok til tider, og i visse krinsar, høgt på agendaen, men det var den strategiske realpolitikken som vog tyngst. Humanismen var ein underordna faktor.

Ein kan mislike hendingar i historia, men skal ein rette opp all verdas urett dei siste 3000 år, så fører det berre til nye katastrofar. Å gå i retten for Israel og prosedere på eit krav om heile det opphavlege Palestina er ekstremt og farleg. Men det blir meir og meir tydeleg at det er dette som er landet sin strategi, og at det palestinske folket skal fordrivast.

Forfattaren framstiller gjennomgåande Israel som eit offer som alltid har hatt retten på sin side. Rett nok hevdar han at Israel har gjort nokre feil, som for eksempel Camp David-avtalen i 1978, Oslo-avtalen i 1993, fredsavtalen med Jordan i 1994, og tilbaketrekkinga frå Gaza i 2005. Alle fredsforsøk var altså feilgrep!

Forfattaren underbygger prosedyren med å sitere amerikanske og israelske juristar som er ute i same ærend som han sjølv. Det gir sjølvsagt kraft og vekt i framstillinga av Israel si sak. Men vi bør i rettferdas namn også høyre motparten si framstilling før vi feller ein endeleg dom.

Korleis ville eg reagere på å bli jaga ut or heimen min, få huset mitt jamna med jorda, på mobbing og trakassering frå naboar som tek seg til rette i huset mitt og på mi jord? Når styresmakta skyt på meg, slår San Remos folkerett av 1920 i bordet og fortel at det slett ikkje er mi jord, ikkje min heim, då har eg lite å stille opp med på lovleg vis.

Den religiøse og politiske fanatismen må byggast ned på begge sider. Ein bør diskutere om statsdanning basert på religion, anten det er islam, jødedom eller kristendom, er framtidsretta, på grunn av konfliktar og diskriminering som det ofte fører med seg.

Ei statsdanning av to skilde landområde på Gaza og Vestbreidda er ein unaturleg konstellasjon og ikkje lenger realistisk. Palestina bør bli ein stat med dagens Israel inklusiv Vestbreidda og Gaza. Ei demokratisk grunnlov må på plass, med like rettar for alt folket som bur innanfor desse grensene. Staten må vere sekulær, utan ei religiøs overbygning. Dei religiøse heilagdomane må vere fritt tilgjengelege for alle. Sionismen må vike.

Ei slik løysing vil innebere at det palestinske folket kjem i fleirtal. Men evnar ein over tid å fokusere på framsteg til alle sitt beste, vil folk etter kvart innta politiske standpunkt på tvers av etnisk og religiøs bakgrunn. FN, landa i Midtausten og stormaktene må støtte opp om og presse gjennom ei slik statsdanning. Det er eit ikkje ubetydeleg mindretal av innbyggarane i Israel og dei palestinske områda som ønskjer ei slik løysing.

I dag kan dette synast urealistisk, men langvarig politisk arbeid er som kjent det moglege sin kunst. Ein må kaste av seg fundamentalismen og hatet, og stake ut ein ny kurs.

Kloke leiarar må gå føre og vise veg, og ikkje slik som no då ekstremistar på begge sider styrer mot avgrunnen.

Folkeretten er ikkje hoggen i stein. Det juridiske sporet, som Israel-venner forfektar, bidreg ikkje til fred, men til folkefordriving og nye katastrofar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis