– Må nøytralisere Hamas
Kristne aktivistar samlar inn pengar til klede og utstyr til israelske soldatar. Bjarte Ystebø støttar den israelske krigføringa heilt og fullt.
Biletet viser røyk på Gazastripa, sett frå den israelske sida av grensa, onsdag denne veka.
Foto: Ammar Awad / Reuters / NTB
SAMTALEN
Bjarte Ystebø
redaktør i Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem og programleiar for «Live med venner» i Kristen Media Norge
AKTUELL
Aktiv støttespelar for Israel

christiane@dagogtid.no
– Du var i Israel den dagen Hamas gjennomførte eit brutalt og uventa terroråtak som tok livet av minst 1400 menneske. Kan du fortelje kort kva du gjorde i Israel?
–?Eg var der med 71 andre nordmenn på lauvhyttefesten, ei høgtid jødar og kristne feirar saman i regi av Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem (IKAJ).
–?Kan du seie litt om kva for organisasjon IKAJ er, der du er tilsett som redaktør?
–?I 1980 var det mange nasjonar som flytta ambassaden sine frå Jerusalem til Tel Aviv. Då var det ei gruppe kristne som sa at når alle dei andre flyttar ut, flyttar vi inn. Det vart oppretta ein kristen ambassade i Jerusalem – ein organisasjon med støtteforeiningar over heile verda. Vi hjelper med gode formål i Israel for jødar og arabarar. Vi forsvarar Israel i Noreg og hjelper jødane heim til Israel frå ulike stader i verda, noko kristne har vore opptekne av sidan 1948. IKAJ driv også med diplomati på høgt nivå i Israel. Den internasjonale leiaren går mykje ut og inn av Knesset, forsvarar Israel og snakkar på vegner av kristne i Israel. Ein overordna visjon er å vise kjærleik til jødane og betre relasjonen mellom jødar og kristne. Som kristne har vi ei vond historie overfor jødane, med tusen år med forfølging, der holocaust i kristendommens namn var det definitive botnpunktet.
–?IKAJ bed no gjevarar om støtte til Israel, som er i krig. Pengane kan gå til slikt som ambulanse og tilfluktsrom, men også direkte til den israelske hæren, i form av klede, soveposar og anna utstyr. Kvifor meiner du det er rett å støtte den israelske hæren no?
–?Det er jo den israelske hæren som vernar om det israelske folket, og det er vi veldig engasjerte i. Kan vi hjelpe til med det, gjer vi gjerne det. Eg veit ikkje om dette er det folk responderer mest på, men vi har eit breitt engasjement som folk kan støtte via IKAJ, og eg synest det er gode formål.
–?Ville det ikkje i denne situasjonen vere meir naturleg å be om støtte til utelukkande humanitære formål?
–?Nei, Israel er jo framleis i ein væpna forsvarskamp mot Hamas. Seinast tysdag kveld stansa Israel seks Hamas-terroristar som kom sjøvegen i dykkardrakter. Israel er framleis i alarmberedskap og i forsvar, og den kampen er ikkje avblåst. Men hovudarbeidet vårt er det diakonale, som å skaffe leirar til barn som er internt fordrivne, som til dømes har flykta frå område langs grensa til Gaza.
– Konsekvensane av dei israelske åtaka på Gaza-stripa er nesten ufattelege. Onsdag denne veka er minst 5791 menneske drepne og over 16.000 såra, ifølgje lokale helsestyresmakter. Kvar går grensa for kva det er mogleg å støtte, sjølv etter eit så horribelt terroråtak som vi såg den 7. oktober?
–?Det er nærmast eit filosofisk spørsmål. Eg tenkjer at Israel er nøydd til å nøytralisere Hamas, og at dei gjer sitt beste for å spare sivile menneskeliv. Så lenge dei gjer dei to tinga, støttar eg Israel heilt og fullt. Israelarane står overfor ein umogleg fiende, som ønskjer høge dødstal og bruker sivile som menneskelege skjold. Det gjer tapstala utruleg høge, og dei ber Hamas åleine ansvar for. Først ved å starte ein krig Israel ikkje ønskte. Så ved å halde gissel fanga og halde fram med åtak på Israel. Om Israel stoppa åtaka sine, ville Hamas halde fram med å mobilisere til terroråtak. Så dei må nøytraliserast, på same måte som IS og Al-Qaida.
–?Har ikkje bombinga og blokaden av Gaza no vorte så massive at det må sjåast på som ei kollektiv straff mot det palestinske folket, i strid med folkeretten, slik FN-sjef António Guterres har sagt?
–?Han har vorte sterkt kritisert for den utsegna. At generalsekretæren i FN uttaler seg kritisk om Israel, veg i seg sjølv ikkje så tungt. For FN har ikkje moralsk autoritet i Midtausten-spørsmål. Spørsmålet er ikkje kva han meiner, men kva jussen seier. Her forsvarer forskarar Israel. Det er også ein sterk intern debatt i Israel om dette, så regjeringa står til ansvar også overfor ein kritisk opposisjon. Så svaret på spørsmålet er nei. Israel gjer det dei kan for å skåne sivile, som er deira plikt. Ingen kan krevje at Israel skal seie «pytt sann» når folk vert haldne som gislar og terroriserte. Dei må nøytralisere fienden, det gjer dei, og så vidt eg kan sjå, gjer dei det trygt innanfor folkeretten. Det seier seg sjølv at det er vanskeleg. Og Israel græt ikkje berre for sine eigne, men også for dei arabiske offera. Men det er dei aleine om, for Hamas græt ikkje for sine eigne.
–?Korleis oppfattar du debatten som går føre seg om krigføringa i Noreg no?
– Eg synest det er leitt at den norske debatten, etter eit par døgn med sympati med Israel, fell ned i det same narrativet som har vore der i fleire tiår, nemleg at Israel djupast sett kan takke seg sjølv. Heldigvis er det ikkje lenger viktig kva Noreg meiner. Heldigvis, fordi Noreg ved å vere eit av dei mest anti-israelske landa i Europa har gjort seg irrelevant i fredsprosessen, i den grad han eksisterer. Aktørar som EU, Tyskland, Italia, Storbritannia og USA har alle gått ut med sterk støtte til Israel, medan den norske debatten er lei å følgje. Vi har ei vond historie når det gjeld jødane, og den synest eg repeterer seg no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.