Er demokratiet i Europa i fare?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
«Kvifor er ikkje Grindheim bekymra?» spør Tarjei Skirbekk i Dag og Tid 24. desember, etter å ha lese ei melding frå meg 17. desember av den siste boka hans om dei moderate folkepartias fall i Europa.
Mitt svar kjem i ei ny bok som eg arbeider med for tida. Der spør eg om ikkje det strider imot demokratiets natur at nokon skulle ha rett til å definere eksakt korleis eit demokrati skal sjå ut. Samstundes gjer eg det klårt at eg har eit normativt utgangspunkt for mi eiga forståing av demokrati, tufta på representative politiske institusjonar, rettsstatlege bindingar og forpliktande internasjonalt samarbeid med ein velfungerande marknadsøkonomi.
Om eg ikkje har lese Skirbekk si bok heilt feil, er det vel omtrent slik han òg definerer det idéhistoriske grunnlaget for dei moderate folkepartia i Europa. Dei partia han meiner danna grunnlaget for gjenreisinga og utviklinga av den moderne velferdsstaten etter andre verdskrig gjennom eit «europeisk kompromiss». Det eg er usamd med Skirbekk i, er om det er farleg at veljarane no og då gjer opprør mot desse tradisjonelle maktpartia og røyster på andre verdiar og saker enn det dei står for.
Dei som hadde makta då parlamentarismen vart innført for snart 150 år sidan her til lands, var vel ikkje så begeistra for nett det? Like lite som alle på Stortinget tykte om at arbeidarar skulle få røysterett, eller for den saks skuld kvinner? For ikkje å snakke om då Arbeidarpartiet skulle ta steget inn i regjeringskontora for fyrste gongen, då var det mange som såg demokratiet falle ein gong for alle.
Om dei moderate folkepartia i Europa har noko å tilby dagens veljarar, vil dei vinne veljaranes gunst for sakene sine. I eit valbasert representativt demokrati hjelper det ikkje å skulde på veljarane når det går trått for partia.
Skirbekk liker ikkje at eg nemner at han er sosialdemokrat. Men det er han sjølv som understrekar dette heilt i starten av boka, så eg kan vel ikkje lastast for at eg tek det med i mi melding? Eller at eg peiker på at han med boka si vil gjenreise dei moderate folkepartias posisjon i europeisk politikk.
Eg har aldri skrive at det er noko gale i det. Eg er berre ikkje einig i at dei moderate folkepartias fall i veljarstøtte i Europa er teikn på ei grunnleggjande krise for dei europeiske demokratia. Eller at den såkalla nyliberalismen og New Public Management-filosofien frå 1980- og 1990-talet gjorde grunnleggande skade på den moderne velferdsstatsmodellen som vaks ut av det «europeiske kompromisset» Skirbekk skriv om.
Dei moderate folkepartia på høgresida i politikken har svinga opp og ned i støtte i fleire tiår, medan dette er eit nyare fenomen for sosialdemokratane. Dei sleit noko etter at nye verdiar seig inn hjå veljarane på 1960- og 1970-talet, men makta å reise seg att i kjølvatnet av nyliberalismen i tiåra etter.
Eg trur dei klarte det mellom anna fordi dei ikkje kasta på båten dei endringane i dei europeiske landas forvaltningspolitiske kulturar som nyliberalismen førte til, men tvert imot såg at dette òg var ei moglegheit for sosialdemokratiske reformer. Tenk berre på kva Tony Blair i Storbritannia, Gerhard Schröder i Tyskland og Jens Stoltenberg i Noreg fekk til på byrjinga av 2000-talet.
Om dei sosialdemokratiske og kristendemokratiske/liberalkonservative moderate folkepartia i Europa igjen skal kome attende, lyt dei, som desse karane, sjå etter nye løysingar ut frå dei realitetane me no står overfor med omsyn til globalisering og auka migrasjon på tvers av landegrenser. Desse utfordringane vil ikkje forsvinne med det fyrste, tvert om trur eg dei vil vere med oss i overskodeleg framtid.
Skal me saman ta tak i ein debatt om korleis desse utfordringane kan løysast, er Skirbekk si soge ein god start. Slik eg òg skreiv i mi melding av boka i Dag og Tid. Men me treng òg meir djuptpløyande analysar av utviklinga til dei enkelte partia på tvers av dei europeiske landa.
Korleis skal me annleis forstå at medan kristendemokratane i Tyskland truleg har falle i oppslutnad fordi dei har styrt landet stabilt gjennom fleire tiår, har kristendemokratane i Italia vorte straffa for det stikk motsette. Eller at medan sterk personfokusering truleg kan ha svekka det greske sosialdemokratiske partiet Pasok gjennom familiedynastiet Papandreou, var det Felipe González sin sterke personlegdom som sikra PSOE siger etter siger i det skjøre spanske demokratiet på 1980-talet.
Demokratiets største utfordring er at det er vanskeleg å sjå korleis det utviklar seg. Difor må me lære oss å leve med moglegheita for ein demokratisk resesjon like fullt som ein ekspansjon. Dette gjeld særleg i eit liberalt demokrati, kor eg inkluderer både kristendemokratiet og sosialdemokratiet, fordi me her må balansere behovet for å kunne ta kollektive val mot å ta vare på vår individuelle fridom og kvar og ein sine interesser.
I eit liberalt demokrati ligg det implisitt ein idé om at ingen har rett til å bestemme korleis det skal utvikle seg, sjølv om me kan ha våre meiningar om korleis dette bør skje. Difor må me, slik den amerikanske demokratiteoretikaren Robert A. Dahl har peikt på, òg kunne akseptere at utviklinga kan gå i feil retning.
Men det kan òg alle forsøk på å erstatte demokratiet med andre styreformer, meiner Dahl, og difor skal me vere varsame med å beskytte oss sjølve mot demokratiets uføreseielege utfordringar. Det som no skjer, er kanskje like mykje eit varsel om at dei tradisjonelle folkepartia må tenkje nytt, som at demokratiet i Europa er i fare?