Kvifor er ikkje Grindheim bekymra?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I boka De moderate folkepartienes fall i Europa prøver eg å visa korleis desse partia, både til venstre og høgre, har mista veljaroppslutning, kvifor det har skjedd, og kvifor det er farleg for vår sosiale og politiske stabilitet. Deretter prøver eg å angi ei retning for kva slike parti må gjera for igjen å få brei og høg oppslutning.
Motivasjonen for å skriva boka botnar i ei grunnleggande uro for kvar det politiske Europa er på veg, med eit meir fragmentert partipolitisk landskap og sterke populistiske og ytterleggåande parti. Dette snakkar eg òg om i eit intervju med Dag og Tid 10. desember.
I eit innlegg i Dag og Tid 17. desember er det fascinerande å sjå korleis rådgivar i den høgreorienterte tankesmia Civita og statsvitar ved universitetet i Søraust-Noreg, Jan Erik Grindheim, framstiller teksten min og intensjonane mine gjennom det som verkar som ideologisk motiverte tolkingar og feillesing: Det er påfallande korleis Grindheim (i) flettar inn at eg har sosialdemokratisk bakgrunn (ja, og så?), (ii) gir uttrykk for at boka primært skulle handla om sosialdemokratiske parti (faktuelt feil), og (iii) at han fleire gonger berre gjengir spørsmåla frå Dag og Tid-intervjuet 10. desember, utan å ta med kva eg svarte – som om eg ikkje hadde svar.
Den som har lese boka, ville vita at ho handlar vel så mykje om fallet til det moderate høgre som fallet til det moderate venstre. Av grunnar som vi berre kan fundera over, prøver Grindheim å presentera det som om det berre er sosialdemokratiske parti som slit i Europa, og at dei ikkje har noka framtid som folkeparti (utifrå eit statisk «veljargrunnlag»). Ja, sosialdemokratiet slit – men som liberal-konservativ burde han òg sjå at det moderate høgre ikkje berre slit, men også har kollapsa i store delar av Europa: Moderate høgre (representert i Europa gjennom partisamanslutninga Det europeiske folkepartiet, EPP) har no regjeringsmakt i land som berre representerer 12,5 prosent av befolkninga i EU, og for første gong sidan krigen har dei ikkje makt i nokon av dei fem store EU-landa. Denne utviklinga bekymrar meg. Kvifor bekymrar det ikkje han?
Grindheim liker ikkje at eg teiknar opp ei liberal eller liberalistisk vending i europeisk politikk frå 1980-talet og fram til i dag, ei vending som har ført til stor sosial ubalanse. Det er symptomatisk for innlegget at han prøver å stempla ein slik kritikk som typisk «venstreside».
I motsetning til Grindheim meiner eg det er avgjerande at moderate krefter på begge sider – gitt deira historiske og politiske rolle i å sikra sosial stabilitet og politisk balanse i Europa i etterkrigstida – stiller spørsmål om korleis den internasjonale marknadsøkonomien vår og globalisering er innretta, gitt dei sosiale og politiske følgjene som dei har skapt.
Men dette avviser altså Grindheim. Han meiner at løysinga (!) går ut på at vi berre skal fortsetja å tilpassa oss. Dette sjølv om europeiske undersøkingar viser at nettopp dagens innretning av globalisering (økonomi og innvandring) er sjølve årsaka til at dei moderate folkepartia fell, at europeiske samfunn no er i sosial og politisk ubalanse, og at dei liberale demokratia våre blir utfordra.
Grindheim skriv at boka er ein «velskriven soge», men at han saknar meir «djuptpløyande analyser», utan at han utdjupar det. I arbeidet med boka har eg lese mykje, men eg har så langt ikkje sett nokon samla «djuptpløyande analysar» eller «soger» om dei moderate folkepartias fall i Europa. Eg har heller ikkje registrert at Grindheim har skrive noko slikt, med unntak av eit innspel i eit Civita-notat – som symptomatisk nok handlar om fallet til sosialdemokratiet, og ikkje om fallet til det moderate høgre.
Grindheim er ein engasjert europear. Men som europearar veit vi, ut frå historia vår, at sosial og politisk stabilitet er ein føresetnad for suksessen vår som moderne, liberale og framgangsrike samfunn. Denne sosiale og politiske stabiliteten er no i fare. Det er påfallande at Grindheim ikkje gir inntrykk av å sjå det.