Jon Hustad skriv i Dag og Tid nr. 2 i år på ein informativ måte, men samtidig litt for langt og litt for innvikla om energikrisa. Han peikar mellom anna på problemet med at vi har for lite fornybar energi, som er uavhengig av sol og vind, til å bruke når sola ikkje skin og vinden ikkje bles, det vil seie vår tradisjonelle vasskraft. Her kan ikkje olje, gass og kol reknast med. Dei er ikkje fornybare.
Enkelte meiner at vi må satse på atomkraftverk, det skal eg ikkje kommentere. Hustad, og nesten alle som skriv om energikrisa, omtalar ikkje den enklaste og mest nærliggande varmekjelda vi har, nemleg grunnvarme, også kalla bergvarme eller geotermisk energi. Er dei redde for at vi skal kjøle ned det indre av jorda? Grunnvarme kan til dømes utvinnast ved hjelp av djupe hol i grunnen eller ved å utnytte varmen i (sjø)vatn.
Ein svært stor del av straumen vi produserer i dag, går til oppvarming av bygningar. Dette er misbruk av straum. NVE antyda i ein rapport i 2011 at grunnvarme har eit potensiale på opp mot 35 TWh. Dette er omlag ein fjerdedel av all den straumen vi produserer i dag. I 2011 var dette omlag 70 prosent av mengde straum brukt til oppvarming. Ved å ta i bruk grunnvarme, kan vi frigjere store mengder straum som kan brukast til andre føremål.
Utrekningar viser at når straumprisen er 1–1,5 kr/kWh, vil det ta 6–9 år å betale ned investeringa. Ved å bruke 1 kWh på grunnvarme, får ein omlag 4 kWh tilbake. Levetida på slike anlegg er estimert til omlag 50 år.
Energi av grunnvarme har minst to store fordeler. Han er uavhengig av sol og vind og bidrar til å avlaste vasskrafta. I tillegg er dette lokal energi som ikkje treng store overføringslinjer, som i dag er ein minimumsfaktor mellom landsdelar og land.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.