JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Den billegaste krafta vert dyrast

EU vil skapa eit meir rettferdig kraftsystem. Det er mogleg at vi nordmenn, som har den suverent mest verdifulle krafta, magasinkraft, endar opp med å betala dei høgste prisane i Europa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den 125 meter høge fyllingsdammen ved Svartisen kraftverk stod ferdig i 1998, med kapasitet til å lagra 3,5 milliarder kubikkmeter vatn.

Foto: Ole Magnus Rapp / NTB

14890
20230113

Bakgrunn

EU vil reformera systemet for prisdanning i kraftmarknaden.

Målet er at alle skal betale mindre enn no.

Førebels har EU-kommisjonen berre presentert ei skisse.

Kraftprisar

jon@dagogtid.no

«Slik dagens kraftsystem fungerer, tener det ikkje lenger forbrukarane. Dei burde ha fått fordelar av dei låge kostnadene til fornyeleg straum. Vi må kopla den dominerande rolla til gass i straummarknaden frå straumprisen forbrukarane betaler. Difor vil vi gjennomføra ei djup og omfemnande reform av straummarknaden.» Orda var uttalte av presidenten for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, då ho heldt den årlege talen om tilstanden i EU i september.

EU har no så vidt byrja arbeidet med ein ny marknadsstruktur for straumproduksjon og -sal. Den strukturen vert også den norske strukturen. Noreg har implementert EUs energi- og klimapakkar, men som vi også veit: Noreg er ikkje ein del av dei landa som skal vedtaka korleis den nye strukturen vert, vi kan i høgda seia kva vi ynskjer. EØS-avtalen er som han er.

Den strukturen som kjem, som vi ikkje heilt veit korleis vert enno, ligg an til å verta særs komplisert, og med ei mykje sterkare offentleg og byråkratisk styring enn dagens struktur, som enkelt og greitt er at kjøparar fortel kva dei vil betala for ei gjeven mengd, og produsentar seier kor mykje dei vil ha betalt for den same mengda. Så set den høgste prisen seljar og kjøpar vert samde om, prisen for all straum produsert og kjøpt i ein gjeven time.

Alt avgjort

Vedtaket om at det kjem ein nye marknadsmekanisme for straum, er alt fatta. Det vart vedteke under EU-toppmøtet den 15. og 16. desember. Til dette møtet vart det produsert eit såkalla non-paper, eit «diskusjonsutkast», som alltid er det fyrste dokumentet frå EU-kommisjonen når EU skal laga ny politikk.

Ein av rådgjevarane til EU-kommisjonen innanfor energi- og konkurransespørsmål er økonomen Natalia Fabra, professor i økonomi ved Universidad Carlos III de Madrid. Ho er sentral i EU-arbeidet med ein ny straumpolitikk. Det som kjem fram i denne artikkelen, er mykje bygd på hennar analysar av EUs non-paper og framlegg til ny straumpolitikk.

Ein av fleire grunnar til at det kan vera verdt å lytta til Fabra, er at ho kjem frå eit land som er ein del av den såkalla iberiske løysinga, som er at EU har gjeve Portugal og Spania eit mellombels unnatak frå EUs normale straumprisdanning.

Brussel gav i sumar Portugal og Spania, av di dei visstnok har så lite nettsamband med resten av EU og difor ikkje er ein integrert del av EUs straummarknad, høve til å subsidiera gassen kraftselskapa kjøper inn til produksjon. Dimed vart ikkje gass lenger prisdannaren for all annan straum.

Halv pris

Resultatet er at innbyggjarane og næringslivet i Portugal og Spania har betalt og betaler halvparten av gjennomsnittsprisen i resten av EU. Om Noreg hadde søkt om ei liknande løysing for magasinstraum, at staten set ein makspris på magasinkraft, hadde vi fått nei. Vi er for integrerte i EU-marknaden til det. Brussel har gjort det heilt klart at den iberiske løysinga er eit unnatak.

Når det er sagt, så er det nett Noregs straumpolitikk som vart vedteken i 1990, som vart norma for EUs straummarknad. Vi vedtok at prisdanninga på straum frå då av skulle fungera slik som internasjonal prisdanning av råvarer generelt alltid har fungert. Det er ikkje meir komplisert enn at når du går til ein marknad og byr på til dømes eit kilo kjøt av den og den kvaliteten og den og den vekta, er du med på å avgjera prisen på alt slikt kjøt på den same marknaden. Byd du meir, må andre også betala meir for den same vara.

Politisk bestemt

Før vi vedtok ein ny energilov, var det politikarane som avgjorde kven og kvar vi skulle byggja ut ny kraftproduksjon, og det var dei same politikarane som vedtok prisen på straum. Slik var det i EU-landa òg. Noreg hadde i 1990 eit stort overskot på straum, og ingen tenkte på å elektrifisera sokkelen, leggja om bilflåten til straum og byggja batterifabrikkar på ulike stader i landet.

Når prisdanninga vart sleppt fri, var tanken, ville marknaden få eit signal om kva prisen på straum vart i framtida, ein pris som dei som ville byggja ut ny straum eller eventuelt ikkje, skulle nytta når dei vurderte nye kraftprosjekt.

Om prisen i Noreg og i EU, som i ettertid altså innførte den norske straumpolitikken, vart høg, skulle kraftselskapa dimed automatisk byggja ut ny straumproduksjon, sidan dei ville tena gode pengar på ein høgre straumpris. Det fungerte berre delvis.

Den mest lønsame kraftproduksjonen i Noreg er magasinkrafta. Etter at vi fekk ein ny energilov, har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) knapt gjeve ein einaste konsesjon til ny magasinkraft, verneinteressene har vore for sterke. Det er ingen som har tent meir pengar på den høge straumprisen i EU enn private eigarar av atomkraftverk, likevel har det knapt kome eit einaste nytt kjernekraftverk i EU etter at prisdanninga på straum vart sleppt fri.

Superprofitt

Med andre ord: Sidan det er politikarane som avgjer om det vert bygd nye magasin eller nye atomkraftverk, og ikkje marknaden, fungerer ikkje kraftmarknaden som andre marknader, der nye aktørar kjem inn når det oppstår superprofitt. Fabra har rekna seg fram til at ekstraprofitten for generatorar som ikkje nytta fossile kjelder, med grunnlag i 2020-produksjon, var på heile 400 milliardar euro i EU i 2022.

Om prisen for éin MWh er på 300 euro, er profitten for eigarar av atomkraftverk 1000 prosent på investeringane, for vassturbinar i EU er profitten 750 prosent. Norske magasineigarar har ein mykje høgre profitt på ein så høg marknadspris sidan all magasinkraft er nedbetalt for fleire tiår sidan, og av di vi ikkje held oss med særleg med pumpekraftverk, som vi truleg kjem til å byggja mykje meir av i framtida, om regjeringa fjernar marginalskatten på 90 prosent på magasinkraft.

Uavklart

Mykje er uavklart i EUs framlegg til nytt marknadssystem, men éin ting er klart, skal vi tru Fabra: Under det nye systemet skal eigarane av vasskraft som kan skruast på og av, og Noreg eig halvparten av den kapasiteten innanfor EØS, få best betalt. Dette er i og for seg heilt naturleg sidan magasineigarar kan tilby CO2-fri-fleksibilitet og -balanse til ustabil sol og vind.

Men det inneber også at norske straumkundar, om noko ikkje vert gjort, får dei høgste straumprisane i Europa, og det sjølv om vi har den billigaste og mest fleksible straumproduksjonen av alle innanfor EØS-området.

Så kva er det EU vil? Framlegget som altså berre er ei skisse, legg opp til ein kombinasjon av spotpris – altså prisen her og no som marknaden set – og lange kontraktar, der prisen vert garantert av «regulator», som er staten eller EU, altså oss alle. I praksis vil dette seia at kraftprisen i framtida i mykje høgre grad enn no skal verta styrt av politikarar og byråkratar, samstundes som EU framleis vil at ny kraft skal leverast av den private marknaden.

Tre element

Framlegget har tre element: Det fyrste er å oppnå ein så effektiv og fleksibel produksjon som råd er, ved at dei kraftverka som kan produsera med lægst kostnad, til kvar tid dekkjer etterspurnaden. Dette er ikkje noko nytt. Også i dag er det slik. Gasskrafta og magasinkrafta vert berre slegen på når marknaden etterspør ekstra kraft.

I jola, til dømes, var det slik at vind, med unnatak av Noreg, leverte nesten heile forbruket i Nordvest-Europa, som i sin tur innebar at alle grannelanda våre hadde særs låge prisar. I ein periode var prisen i Tyskland negativ, medan prisen i Sør-Noreg var på 1,45 øre per kWh.

Paradokset er at denne effekten oppstår av di eigarane av magasinkrafta i det energirike Noreg kan halda att produksjonen når vi kan importera billig og uregulert straum frå grannelanda. Om Noreg derimot ikkje kunne ha importert vindkraft frå grannelanda, hadde prisen på straum vore endå billigare der. Statnett og magasineigarane er dimed i ein perfekt marknadssituasjon og tener enorme pengar anten vinden blæs eller ikkje. EU, syner skissa, vil så langt råd er, halda på den høge prisen magasineigarar no får.

Det andre elementet er at EU vil skapa eit så godt investeringsklima at EU i framtida skal få ein rein og kostnadseffektiv kraftproduksjon utan at forsyninga vert forstyrra. Det er det same målet som det noverande systemet har, men som har feila av di EU ikkje har eigen gassproduksjon å snakka om, og av di EU samla har bygd ned kjernekraft i staden for å byggja meir kjernekraft. For som nemnt: Noreg har trass i god profitt på kraftproduksjon ikkje bygd ny magasinkraft, og Tyskland har gått frå å produsera 190 TWh med kjernekraft i 1989 til 32,7 i 2022.

Tredje element

Det tredje elementet er at EU vil fremja eit rettvist kraftsystem som gjer at hushalda og næringslivet får ein så billig straum som mogleg, på basis av at fornyeleg straum, trur Brussel, vert stadig billigare å produsera, samstundes som EU-landa skal taka i bruk stadig meir straum for å fjerna utsleppa frå sektorar som i dag nyttar fossile kjelder.

Det heile kan verka som ei mengd honnørord, for desse tre elementa eller pilarane er som nemnt dei same som EU har hatt i snart 30 år no. Men EU-landa er lenger frå å nå måla om låge straumprisar og stadig aukande straumproduksjon enn nokon gong. I 2015 var produksjonen av straum i Tyskland på 647 TWh. I 2022 573 TWh.

Korleis skal produksjonen likevel koma opp? Ved at EU og medlemslanda skal taka ein mykje større del av marknadsrisikoen. I 2022 stogga utbygginga av ny vind, både til lands og til havs, heilt opp i EU. Det skjedde av to grunnar:

Prisen på vindturbinar gjekk kraftig opp av di prisen på fossile kjelder, som er særs viktig i produksjonen av vindturbinar, gjekk opp, samstundes som prisen på andre råvarer, som metall og sjeldne jordartar, også gjekk opp, og på grunn av at potensielle utbyggjarar av vindkraft har sett at di meir vindkraft som kjem inn i marknaden, di lægre vert prisen på straum når vinden blæs. All potensiell profitt vart borte.

Marknadsrisiko?

Det er også vorte slik at det er stadig vanskelegare for vindkraftprodusentar å oppnå gode fastpriskontraktar. Dette skjer av minst to grunnar: 1) Kjøparane veit at vinden blæs på likt i Nord-Europa og krev lægre prisar, og 2): Vindkraftprodusentar kan ikkje tilby heile straumpakken. Dei som kjøper fastprisstraum, vil ha sikre leveransar døgeret rundt.

Desse problema vil EU ordna opp i ved at det offentlege går inn og tek over marknadsrisikoen. Produsentane skal få betalt greitt uansett. «Ei slik tilnærming», skriv Fabra, «gjev potensielle produsentar tilgang til billig kapital som dei elles ikkje vil ha hatt tilgang til». Når så «regulator», les skattebetalarane, tilbyr slike lange kontraktar, skal «regulator» auksjonera ut desse, slik at prisen vert lægst mogleg.

Ikkje noko nytt

Dette er heller ikkje noko nytt innanfor EU. Det offentlege har lenge tilbode slik kontraktar, men no skal EU-landa gjera det i mykje større grad enn før. Desse garantikontraktane skal i hovudsak tilbydast aktørar som ikkje kan lagra produksjonen, altså vind- og solenergiprodusentar, men ikkje magasineigarar. For «det er avgjerande viktig at produsentar av energi som kan lagrast, slik som vasskraft, fullt ut vert eksponert for marknadsprisar av di deira produksjon berre bør nyttast når han er mest verdifull.».

Men samstundes går ikkje dette om prisen på straum skal koma ned når vinden ikkje blæs og sola ikkje skin. EU veit førebels ikkje kva dei vil gjera her. For eksisterande atom- og magasinkraft er to mekanismar kanskje aktuelle: Det er eine er enkelt og greitt å innføra ein makspris, men han må setjast relativ høgt, slik at produsentane produserer når det er mest lønsamt, men ikkje elles, eller ved å innføra ein høg fastpris, på basis av auksjonar eller politiske vedtak, eller ein kombinasjon av ei rekkje mekanismar.

Med andre ord: EU vil ha meir produksjon av kraft som kan fungera som balansekraft eller grunnlast, men dei ynskjer ikkje at det skal føra til superprofitt og høge elprisar, og det samstundes som dei vil marknaden skal fungera fullt ut. Paradoksa står i kø.

Gasskraft?

Kva med gasskraft, som EU vert meir og meir avhengig av i takt med at dei byggjer ut meir vind og sol og skal ha ned CO2-utsleppa? Der er framlegget at eigarane av gasskraftverk skal få betalt for å ha kapasitet i reserve når vinden blæs, ein kapasitet som skal slåast på når vinden ikkje blæs.

Men gasskraftverka skal også, meiner EU, kanskje, møta eit pristak på basis av eit gjennomsnitt av gassprisen, samstundes som dei skal verta fullt ut eksponerte for marknadsprisen i spotmarknaden. Fleksibilitet skal framleis vera lønsamt, men altså ikkje fullt så lønsamt som før. Det verkar som tanken er at EU-landa betaler for investeringane i byte mot lægre maksprisar, innanfor ein slags marknadsstruktur.

Det er neppe feil å seia at EU-kommisjonen ikkje heilt veit kva dei skal gjera for å få ned straumprisen. Så lenge EU sjølv ikkje har nok energi å produsera straum med, må dei på eit eller anna vis akseptera å betala internasjonale prisar. Men jau, EU kan garantera for prisen som vind- og solenergiprodusentar får, men det løyser ikkje problema med dei skyhøge prisane når vind- og solkraft ikkje leverer.

Staten bør taka alt?

Ein kan verta freista til å konkludera med at det kanskje er like greitt å gjera som Frankrike. I praksis har dei ein dominerande statleg kraftprodusent, EDF, som no igjen er fullt ut nasjonalisert. Den nasjonale straumprisen vert no i praksis sett politisk, medan det vert betalt marknadspris når straum kryssar dei franske grensene. Ei slik løysing for Noregs del fordrar nok at staten kjøper alt av kraftprodusentar i Noreg, noko som neppe kjem på tale.

Her høyrer det rett nok med å nemna at den tyske staten har teke over den største private aktøren i den tyske gassmarknaden, Uniper, som var eigd av finsk Fortum, men gjekk konk. Overtakinga kjem til å kosta Berlin mellom 31 og 62 milliardar euro.

Men når offentleg sektor i alle høve må inn for å regulera prisane og garantera private aktørar ei gjeven avkasting, kan ein i det minste stilla seg spørsmål om ikkje det gamle systemet med offentleg eigde kraftselskap og offentleg sette prisar fungerte like greitt.

Det vi i alle høve kan slå fast, er at straumproduksjon som leverer stabilt, og attpåtil kan slåast av og på, slik som norsk magasinkraft, er den klart mest verdifulle. Spørsmålet for oss her heime er om vi som forbrukarar og fabrikkeigarar må betala fullt ut for den verdien. Svaret på det spørsmålet er enkelt: Det kjem an på kva EU bestemmer seg for.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Så lenge EU sjølv ikkje har nok energi å produsera straum med, må dei på eit eller anna vis akseptera å betala internasjonale prisar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis