Klima

Elbilen er dyrare enn andre klimatiltak

Elbilar tar over stadig meir av marknaden. I 2024 var 94 prosent av dei bilane som kjem i hamn i Noregs største bilhamn i Drammen, nullutsleppsbilar.
Publisert

I Dag og Tid nr. 10 skreiv Anders Skonhoft om « Det store elbilsluket ». Dette har falle Unni Berge og Harald N. Røstvik tungt for brystet, og dei har kommentert det i Dag og Tid nr. 11. Røstvik skriv mellom anna at artikkelen til Skoghoft er «perspektivløs». Etter mitt syn er artiklane til Berge og Røstvik dei mest perspektivlause.

Eg skal ikkje kommentere dei tre artiklane direkte, fordi mykje av innhaldet har lite med saka å gjere, men heller gripe tak i det reelle problemet. Eg er ikkje motstandar av elbilar, eg er ikkje økonom eller samfunnsvitar, men pensjonert professor II på byggavdelinga ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og med fornuftig bondevit.

Vi alle er samde om at verda er inne i ei alvorleg miljøkrise, først og fremst fordi vi slepper ut altfor mykje CO2 til atmosfæren. Det er mange kjelder til CO2-utslepp, fossilt brensel er berre ei av dei, og fossile bilar er berre ein del av det igjen. Spørsmålet ein derfor må stille seg, er kvar ein skal investere for å redusere utsleppa på ein mest mogeleg økonomisk effektiv måte.

Skonhoft refererer til Finanspolitikkutvalet sin nye rapport, publisert 3. februar i år. Eg har ikkje lese den, men tar utgangspunkt i dei tala han refererer frå rapporten, og som Røstvik også nemner. Staten ville fått 540 milliardar kroner meir i inntekt i perioden 2007–2025 dersom avgiftsnivået hadde vore som før. I tillegg kjem bortfall av 100 milliardar i meirverdiavgift. Totalt 640 milliardar kroner etter 2007. I gjennomsnitt er dette vel 35 milliardar kroner per år. Den årlege reduksjonen av CO2-utslepp er oppgitt å vere ca. 3 millionar tonn. Kostnaden med å redusere utsleppet av eitt tonn CO2 er altså i underkant av 12.000 kroner.

Er dette er eit høgt eller lågt tal samanlikna med andre måtar å redusere CO2-utsleppa på? Eg skal berre nemne nokre døme som del av det såkalla Langskip-prosjektet. Dette prosjektet er ei vidareføring av det såkalla «Månelandingsprosjektet» på Mongstad, som vart lansert i 2007. Denne vidareføringa resulterte i teknologi for fangst av CO2 og lagring langt nede i grunnen under Nordsjøen, såkalla CCS (Carbon Capture and Storage).

Ved sementfabrikken i Brevik er det bygd eit anlegg av denne typen. Anlegget er i drift, og totale kostnader, medrekna nedskriving av anlegget, alle driftskostnader, transport og lagring, ligg i storleiksordenen 1700 kroner per tonn CO2. Staten var med på delfinansiering av dette.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement