Historie

Eit tillegg til Sigrun Slapgards artikkel om Den katolske kyrkja

Elly Salomon kom frå ein velståande jødisk familie frå Danmark og Noreg. Ho vart drepen i Auschwitz 1. desember 1942.
Publisert

I den gode artikkelen av Sigrun Slapgard om Den katolske kyrkja i Dag og Tid 6. juni kjem det fram at Sigrid Undsets stedotter kjende den jødiske kvinna Elly Salomon. Slapgard nemner henne som ei «ungjente». Det er vel ikkje heilt riktig: Elly Salomon var 32 år gamal i 1942.

Ho kom frå ein svært velståande jødisk familie frå Danmark og Noreg, eigarar av Salomon skofabrikk. Ho var fødd i Noreg, men voks opp i Danmark. På 1930-talet kom ho tilbake til Noreg for å bu saman med broren Hans og kona hans, Gunvor. I 1942 budde ho i ei lita eittromsleilegheit på Frogner.

Ifylgje den interessante boka Kirken og okkupanten vart Elly åtvara kvelden før ho vart arrestert, men meinte ho ikkje ville bli teken. Slik vart det ikkje. Dagen etter, 26. november, banka det på døra i Thereses gate 35. Dei var tre mann, ein konstabel frå Statspolitiet, ein hirdmann og ein rekrutt frå politikompaniet. Rekrutten heitte Karl Hatlestad. Medan politimannen og hirdmannen hasta vidare til neste adresse, vart Hatlestad sett til å passa på Salomon. Han flykta til Sverige kort tid etter aksjonen mot jødane og vart der avhøyrd av folk frå den norske legasjonen i Stockholm. Difor veit vi meir detaljar om arrestasjonen av Elly Salomon enn om dei fleste andre. Hatlestad sa dette om arrestasjonen av Elly:

«Frk. Salomon var kald og rolig. Hun pakket sine saker. Hun bar en frimerkesamling og andre ting hun vilde ha når hun kom tilbake, inn til naboen. Hun fortalte Hatlestad at de verdisaker hun eide, forlengst var brakt i sikkerhet. Efter to timer kom Nordberg og hirdmannen tilbake. De hadde kjørt forgjeves til hver eneste adresse. Den eneste som gruppen skulde arrestere var altså frk. Elly Salomon. Hun blev nu tatt med i bilen og kjørt til bryggen hvor de kom klokken 10.»

Salomon vart dermed ein av dei 529 jødane som vart førte om bord i skipet «Donau» og frakta vidare til Tyskland og seinare Auschwitz. Ho vart myrda der 1. desember 1942.

Ein kunne seie meir om biskop Mangers petisjon til Innanriksdepartementet om dei jødane som var døypte i den katolske trua. I brevet frå Mangers er det ein underliggjande tenkjemåte som var særs vanleg i Den katolske kyrkja, og som var prega av nær to tusen år med antijødiske straumdrag. Her er det ein fundamental skilnad frå protesten frå den mellombelse kyrkjeleiinga, som presiserte at ifylgje Guds ord var «alle folkeslag av eitt blod». For nazistane var uansett slike spørsmål ikkje av betydning: Dei var opptekne av rasen. Om jødar var døypte eller ikkje, spelte inga rolle. Dei skulle utslettast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement