Eit par kommentarar til Skagen
Kaj Skagen skriv i Dag og Tid sist veke at Georg Johannesen knapt har «nye, friske lesarar». Om ikkje heilt frisk, så er iallfall underteikna ein ivrig og relativt sett «ny» Georg Johannesen-lesar, som verken har møtt eller hatt han som lærar.
Fyrst og fremst honnør til Skagen som har løfta fram viktige nordiske idékjelder som til dømes diktaren og teologen Nikolai Grundtvig. Skagen skriv i boka Norge, vårt Norge at grundtvigianismen av embetsstanden blei rekna for å vere «politisk farlig på grunn av dens antiautoritære mål om å utvikle alminnelige menneskers selvstendige tenkning».
Men eg tykkjer det er rart at Skagen ikkje les Georg Johannesen i same retning, som ei demokratisk kraft som tek til orde for nettopp «menneskers selvstendige tenkning». For mange er han den fremste læraren i tekst og maktkritikk på norsk, blant anna gjennom totalretorikken, som Skagen skriv er ein «altomfattande ideologi».
Slik eg forstår totalretorikken, er det ikkje ein «altomfattande ideologi», men eit språksyn som mellom anna viser kva ideologi er, og kvar det er, og som kan vere med på å avsløre konvensjonane og dei sosiale funksjonane i reklamespråk, politisk språk, kulturspråk og andre former for språk og litteratur. Eit kritisk fundament der ein anerkjenner at makta strekkjer seg heilt ut til ytterkantane av språket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.