JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Eit par kommentarar til Skagen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2278
20221209
2278
20221209

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Georg Johannesen

Kaj Skagen skriv i Dag og Tid sist veke at Georg Johannesen knapt har «nye, friske lesarar». Om ikkje heilt frisk, så er iallfall underteikna ein ivrig og relativt sett «ny» Georg Johannesen-lesar, som verken har møtt eller hatt han som lærar.

Fyrst og fremst honnør til Skagen som har løfta fram viktige nordiske idékjelder som til dømes diktaren og teologen Nikolai Grundtvig. Skagen skriv i boka Norge, vårt Norge at grundtvigianismen av embetsstanden blei rekna for å vere «politisk farlig på grunn av dens antiautoritære mål om å utvikle alminnelige menneskers selvstendige tenkning».

Men eg tykkjer det er rart at Skagen ikkje les Georg Johannesen i same retning, som ei demokratisk kraft som tek til orde for nettopp «menneskers selvstendige tenkning». For mange er han den fremste læraren i tekst og maktkritikk på norsk, blant anna gjennom totalretorikken, som Skagen skriv er ein «altomfattande ideologi».

Slik eg forstår totalretorikken, er det ikkje ein «altomfattande ideologi», men eit språksyn som mellom anna viser kva ideologi er, og kvar det er, og som kan vere med på å avsløre konvensjonane og dei sosiale funksjonane i reklamespråk, politisk språk, kulturspråk og andre former for språk og litteratur. Eit kritisk fundament der ein anerkjenner at makta strekkjer seg heilt ut til ytterkantane av språket.

Til slutt: Når ein brukar omgrep som disippel og meister i samband med Georg Johannesen, får eg inntrykk av at ein ikkje heilt ynskjer å forstå dei mest grunnleggjande konsepta hans. «Vil du være profet, Georg Johannesen?» spurde NRK han for ein del år sidan. «Nei, jeg har ingen planer i den retning. Og jeg tror at skal en være profet i vår tid, så nytter det ikke å drive sånt spill med at kjære leser du skal vær så god nå begynne å bli slik og slik. Hvis jeg skal være profet, så skal jeg heller være anti-profet som skaper skepsis til de profetene vi møter rundt oss hele tiden.» Etter mitt skjønn fins noko av kjernen i forfattarskapen hans her, inkluderinga av det antifaglege, ei maktkritisk haldning som går igjen. Georg Johannesen verkar som ein type lærar ein løner dårleg ved å bli verande elev.

Kenneth Berstad er jordskifte­kandidat i Bane NOR SF og
seriøs hobbysofist.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis