Eit anna syn på G.J.

Publisert

Tja, Kaj Skagen, dette held vel ikkje? Dei fire sidene om Georg Johannesen i Dag og Tid 4. november minner om at skiljet mellom eit middels essay og ein laust komponert artikkel er gråtynt. Å bruke kategoriar som poesi, politikk og heltedyrking til å forstå kva Georg Johannesen utretta over tid, er dårleg tenkt. Det blir ikkje betre av å blande desse kategoriane saman. Likevel har Skagen rett på eitt punkt.

Vil ein forstå politiske utviklingstrekk i kulturmiljø i andre halvdel av 1900-talet, er Georg Johannesen ein dårleg inngang. Skagen pressar nær sagt alt han kjem over, inn på den forenklande og forelda venstre–høgre-aksen. I dei 1950- og 60-åra som Skagen skriv mest om, var statsvitarar og sosiologar som Stein Rokkan i full gang med å vise at meir raffinerte konfliktmodellar måtte til for å forstå samfunnet. Dit ser ikkje Skagen og held seg til ei falma førestilling om at poetokratiet er viktig politisk.

Politisk sett er det mest interessante ved Johannesen at han formulerte visse typar kritikk lenge før 1968-myten heimsøkte landet og presumptivt intellektuelle skarpingar byrja sykle på vatnet. Etter Praha 1968 og Brussel 1972, om ikkje før, var den aristokratiske kommunisten Georg Johannesen politisk uinteressant og irrelevant.

I staden for analysar av samfunnsstrukturar hekta han seg fast i personar og blei like banalt personifiserande som dei journalistane han hadde så arrogant lite til overs for.

Diverre gjorde Johannesen seg sjølv til reviervakt, type brutal. Alfred Fidjestøl fortel i biografien om kor småminkande Johannesen tok imot dei som dreiv fram tobandsverket Norsk litteraturhistorie om sakprosa utover i 1990-åra. Dukka det opp større institusjonelle initiativ som kunne tene til å føre arbeidet hans vidare, saboterte han om han ikkje sjølv hadde vore involvert.

Det Skagen har rett i, er at nokre dyrka Georg Johannesen. Det bygde seg opp fram mot tusenårsskiftet. Det toppa seg på pinleg vis då stipendiat Jørgen Sejersted (33) skreiv ein kritisk melding av Johannesen-pamfletten Litteraturens norske nullpunkt. «Hvem er denne ungdommen til å sette seg på sin høye hest og tale nedlatende om Georg Johannesen?» spurde professor Arild Linneberg (48) og stipendiat Ingrid Nielsen (32) i Bergens Tidende 12. november 2000.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement