JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ein skal ikkje ta vare på alle tradisjonar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2212
20230616
2212
20230616

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kvalfangst

Maria Pettersvik Arvnes har i Dag og Tid den 9. juni 2023 eit lesarinnlegg der ho kritiserer Arve Nilsen som i ein artikkel 26. mai 2023 kjem med ei rekke gode argument for å få slutt på norsk kvalfangst. Arvnes er rådgjevar i Norges Fiskarlag.

Det som kjem fram i lesarinnlegget, er såpass lite realitetsorientert at det trengst ein kommentar eller to. Mellom anna blir det sagt at kvalfangsten er ei tradisjonsrik næring som er heilt utan subsidiar.

Til dette vil eg seie at ein skal ikkje ta vare på alle tradisjonar, og slett ikkje kvalfangsten. Kvalfangsten er, som Nilsen påpeikar, ein skamplett for Noreg. Dei store kvalartane vart nesten utrydda og står i dag framleis på raudlista som kritisk truga.

Når det gjeld Arvnes sin påstand om at kvalfangsten er heilt utan subsidiar, må det nemnast at denne næringa kostar Staten fleire millionar kvart år. Staten brukar store summar for å promotere kvalfangsten, på kontrollverksemd og til destruksjon av kvalspekk som ikkje blir omsett. Summen av kostnader er sannsynlegvis større enn verdien av kvalkjøtet.

Arvnes meiner at norsk kvalfangst er jakt på naturen sine premissar. Kva som ligg i dette, får vi ikkje vite noko om. Det vi veit ganske mykje om, er dei lidingane som denne jakta påfører dei store sjøpattedyra.

Ein treng ikkje vere veterinær eller marinbiolog for å forstå at det å vinsje ein skadeskoten kval inn til skutsida for deretter å avlive han med ei rifle er dyrplaging av verste sort.

Viss ei ku eller ein hest hadde blitt utsett for tilsvarande, ville det utvilsamt ført til straffereaksjonar for brot på dyrevelferdslova.

Til slutt i innlegget skriv Arvnes at folk har mangelfull kunnskap om kvalfangsten og av den grunn ikkje vil kjøpe og bruke kvalkjøt. Etter mi meining er dette ei feil problemstilling. Det er nettopp folk sin kunnskap om kvalfangsten som er årsaka til at det er vanskeleg å omsette dette produktet.

Norges Fiskarlag burde ha langt viktigare saker på sin agenda enn kvalfangst. Her er det nok å nemne havvindparkar, lakseindustri og forsøpling.

Fiskarlaget si promotering av norsk kvalfangst fremjar ikkje
fiskarane sine interesser.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis