Kultur
Ein kanon for usikre tider
Illustrasjon: May Linn Clement
«På sitt beste vil ein kanon hjelpe oss å vere tryggare på kva fridom, demokrati og norsk kultur inneber.» I 1784 skreiv Immanuel Kant ei setning som fangar opp mykje av det europeiske kulturgrunnlaget. Opplysning, skreiv Kant, er mennesket sin veg ut av sjølvforskyld umyndigheit.
Ein opplyst borgar er på mange måtar ein danna borgar, men òg ein myndig borgar.
Opplysning må vi søkje etter saman med andre, det fell ikkje ned i fanget ditt. Ein borgar vert myndiggjord gjennom andre borgarar, gjennom kjennskap til eins kulturelle opphav og gjennom å granske seg sjølv kritisk. Korleis legg vi som samfunn til rette for ei slik myndiggjering? Vi må snakke om kulturen vår. For i kultur ligg det kunnskap og læring vi ikkje må ta for gitt.
Kvifor nemner eg dette? Eg gjer det fordi Astrid Dypvik i Dag og Tid 26. september skriv om at det i desse dagar er fleire initiativ for å løfte fram kultur i ei uroleg verd. Ho har gode poeng om mykje, men er skeptisk til ein norsk kanon. Eg skjønar skepsisen, men eg trur frykta for kva ein kanon vil vere eller ikkje vil vere, er overdriven.
Ei vanleg innvending er at vi ikkje kan verte samde om kva innhald ein kanon skal ha. Det er litt av poenget med kanonar. Sjølve debatten om kva kanonen skal innehalde, er ei kanonisering i seg sjølv. Over tid vil det kome nye debattar, vurderingar og kontroversar. Samstundes rører kulturen seg vidare.
Dypvik er litt inne på dette når ho nemner tidsånda. Historie, kultur og idear, og synet vårt på dette, er som å sjå gjennom eit kaleidoskop. Når ein brukar eit kaleidoskop og ristar litt på røyret, kjem glasbitane i rørsle, og nye mønster oppstår. Slik er det med fortida og røtene våre, til ulike tider vil vi feste oss ved ulike aspekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.