Kommentar

Kultur med kanon

Sverige satsar på kulturkanon. Danmark går for åndelig opprusting. Kva gjer vi?

Publisert Sist oppdatert

Kva skal ein seie om ungdomen, dei som flokkar seg kring smarttelefonane og susar inn i terreng som er ukjende for foreldregenerasjonen? Kva skal ein seie til jentene som snakkar om jawline og toxicbehavior på YouTube-engelsk, til gutane som heller i seg energidrikk og protein etter å ha plukka opp kost- og treningstips på TikTok? Og kva skal ein seie om studentane som strevar med å tileigne seg pensumlitteratur sjølv etter fleire år med studium? Om nokre år er det dei som avgjer kva som er relevant norsk litteratur, korleis folkebiblioteka våre skal finansierast, og kva neste generasjon treng å bli opplyst om gjennom skuleverket.

Det var noko slikt som dette eg tenkte då den svenske regjeringa presenterte sin kulturkanon nyleg. Tanken var eigentleg eit lån frå Sigmund Skard, litteraturprofessor og målmann. I boka Målstrid og massekultur frå 1963 luftar han ei framtidsuro. Han var opptatt av tidsånda og framtida for nynorsk i skulen. Det har blitt langt færre nynorske skulekrinsar sidan då.

Listene

Oppdraget med å lage ein svensk kulturkanon kom frå den borgarlege svenske regjeringa. Det resulterte i ei liste og ei offentleg utgreiing der ein kan lese at bakgrunnen for kanoniseringsarbeidet er at Sverige er eit splitta land. For å skape samhald og fellesskap skal kulturarven som har forma Sverige, gjerast tydeleg og tilgjengeleg. På lista over kanoniserte verk finn ein både Pippi, Karin Boye, August Strindberg og Ingmar Bergmans Det syvende segl. Men songaren Cornelis Vreesvijk er ikkje med. Også den svenske arbeidarlitteraturen glimra med sitt fråvær, saman med alle andre sider av arbeidarklassekulturen, ifølgje forfattaren Åsa Linderborg. I Klassekampen bruker ho merkelappen antifolkeleg om den svenske regjeringas kulturkanon.

Ein norsk kanon

Her heime har Høgres Tage Pettersen ivra for ein norsk kulturkanon. Så langt har kulturminister Lubna Jaffrey avvist ideen, blant anna med tilvising til at det ikkje passar seg for ein politikar å meine noko direkte om kva som er bra kultur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement