Historie

Ei ufullført overgangshistorie

Siste helsing: Franco (til høgre) med kona Carmen Polo fotografert i oktober 1975. Han døydde i november. Til venstre prins Juan Carlos og prinsesse Sophie.
Publisert

I reportasjen i Dag og Tid 30. mai om Spanias overgang frå diktatur til demokrati gjev Bernt Hagtvet ei presis og nøktern framstilling av Franco-regimet som eit autoritært styresett med éin fot i den gamle og éin i den nye verda. For å vidareføre dette språklege biletet kan ein òg omtale Franco som kula rundt foten på Spania som hindra demokratiseringa, medan norske turistar alt hadde teke plass på spanske strender.

Når det gjeld Hagtvets framstilling av den demokratiske overgangen og dagens situasjon i Spania, oppfattar eg ho som noko idylliserande. Rett nok gjekk overgangen fredeleg føre seg, noko som på ingen måte var sjølvsagt, slik Hagtvet korrekt påpeikar. Men overgangen var like mykje prega av frykta for valdsbruk og risikoen for ein ny borgarkrig som av framsyntheita til ein konge og eit knippe regimepolitikarar. Overgangen var dermed ikkje eit fullstendig brot med det tidlegare regimet, ettersom store delar av eliten heldt fram i maktposisjonane sine.

Adolfo Suárez er eit døme. Suárez, som hadde vore minister under Franco, vart demokratisk valt til den første statsministeren etter diktaturet. Partiet han leia, var i stor grad samansett av den reformvillige delen av det gamle regimet og ein moderat, uavhengig elite. Dette har den spanske forskaren Dacia Viejo-Rose treffande kalla «å byggje eit nytt Spania med delane frå det gamle».

Den spanske overgangen til demokrati har ofte blitt omtala som bygd på ei «gløymslepakt» (pacto del olvido). Pakta innebar at både venstre- og høgresida gjekk med på å ikkje ta opp tema frå fortida, korkje borgarkrigen eller diktaturet. Ei amnestilov vart innført: Formelt skulle ho gjelde begge sider, men i praksis sikra ho fridom for dei ansvarlege for overgrepa under Franco. Ein viktig myte som mogleggjorde denne felles semja om å gløyme fortida var at republikanarane og nasjonalistane hadde lik skuld for utbrotet av borgarkrigen. Medan pakta var avgjerande for ein fredeleg overgang, har ho òg bidrege til eit uoppgjort forhold til fortida.

Etter kvart som ein har fått betre innsikt i overgrepa som nasjonalistane utførte under borgarkrigen og det påfølgjande diktaturet, har spørsmålet om eit oppgjer med fortida blitt eit av dei mest polariserande tema i spansk politikk. Det sosialdemokratiske partiet (PSOE) har sett i verk tiltak som å opne massegraver og fjerne Franco-relaterte symbol, medan høgresida hevdar at slike tiltak riv opp gamle sår og trugar den skjøre balansen mellom sentralmakta og dei autonome regionane. I deira perspektiv var gløymslepakta ikkje berre eit middel for å sikre ein fredeleg overgang, men ein føresetnad for grunnlova av 1978 – og dermed for heile det konstitusjonelle rammeverket som definerer Spania som ein stat samansett av ulike nasjonale og regionale identitetar.

Uansett tolking tyder mykje på at grunnlova – som Hagtvet omtalar som ei førebiletleg samling av eit oppsplitta land – kviler på eit skjørt kompromiss.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement