Midtausten
Ei tostatsløysing?
I Dag og Tid nr. 39 skriv Cecilie Hellestveit at «delingsplanen for FN i 1947 la grunnlaget for to statar for to folk i Palestina». Men då bør me ha i mente at arabarane sa nei til ei tostatsløysing. Haldninga deira var at jødane ikkje skulle få ein tomme av Palestinas jord. Dette er framleis haldninga hjå Palestina-arabarane både på Gaza og på Vestbreidda. Me bør òg vita at det folkerettslege grunnlaget for staten Israel vart lagt ved San Remo-konferansen i 1920 i oppgjeret etter første verdskrigen. To år seinare vart jødane sitt område avgrensa til alt land vest for Jordanelva (Vest-Palestina).
Israel vert no skulda for å leggja tostatsløysinga daud. Denne løysinga med ein jødisk og ein palestinsk stat som skal leva i fred med kvarandre, har vore stein daud lenge. Palestina-arabarane har hatt mange høve til å få ein eigen stat ved sida av Israel, heilt frå Peel-kommisjonen gjorde framlegg om det i 1937, og ved fleire andre høve fram til statsminister Ehud Olmert sitt tilbod i 2008. Dei har takka nei kvar gong.
Det er vel liten grunn til å tru at dei vil vera nøgde med det no heller. Og etter resolusjon 242 i Tryggingsrådet i 1967 skal alle statar i området ha trygge og godkjende grenser. Det er ikkje våpenkvilelinene frå 1949. Grenser skulle det forhandlast om. Det stemmer ikkje, som redaktør Gjerdåker skreiv i ein leiar nyleg, at Israel skulle dra seg attende frå områda dei tok i seksdagarskrigen. Det er med omtanke brukt ubunden form i den offisielle teksten, «from territories occupied», og det har Israel gjort.
Sist drog dei seg ut frå Gaza i 2005. Men kva fekk dei i retur? Titusenvis av rakettar over sivilsamfunna sine, det har resultert i fire krigar, og den siste og verste er ikkje slutt enno. Israel kan ikkje leva med ein granne som Hamas som feigt gøymer seg i tunellar under sivilsamfunna og let sine eigne sivile oppe på bakken møta krigen sine redsler. I tillegg tok dei gislar som dei brukar som handelsvare for å få fri terroristar og mordarar frå israelske fengsel. Israel gjer meir enn nokon annan stat tidlegare i historia har gjort for å hindra at sivile vert drepne ved krig i urbane område. Det veit alle som fylgjer rimeleg godt med. Eg kan ikkje sjå at det er grunnlag for ei tostatsløysing.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.