Kommentar
Gislar av ymse slag
Når mektige vestlege statar no anerkjenner Palestina, trugar den israelske regjeringa med å drepe tostatsløysinga.
President Donald Trump talar til Generalforsamlinga i FN i New York 23. september 2025.
Foto: Alexander Drago / Reuters / NTB
«Teleprompteren verkar visst ikkje.» Då Donald Trump inntok podiet under det årlege haustfesjået for statsleiarar og diplomatar i FN-bygningen i New York denne veka, var det slik den attkomne amerikanske statsleiaren opna innlegget sitt.
Strengt redigerte bodskapar frå ei stormakt i endring var det lite av. I staden vart det mykje Donald Trump i fri dressur. Han tala om trugsmål mot Europa frå vindmøller og migrantar, og kor flautt det er for europearane at dei fører krig mot Russland samstundes som dei sjølve finansierer den russiske krigføringa ved å kjøpe olje og gass. På eit tidspunkt kommenterte han si eiga oppvising: «I am really good at this stuff. Your countries are going to hell!»
Den amerikanske presidenten tok så føre seg Gaza-krigen – behovet for å stanse krigen og forhandle fram fred straks. Dei israelske gislane må heim, og dei siste er som kjent dei vanskelegaste, forklara han. Trump kunne så opplyse verdsforsamlinga om at Hamas har motsett seg dette. Og då er det synd, kunne Trump melde, at dei statane som no anerkjenner Palestina, premierer Hamas. Dei gjev etter for Hamas’ gisselpress.
Landa Trump siktar til, er Storbritannia og Frankrike, med vener.
USAs næraste militære allierte er Storbritannia, Canada, Australia og New Zealand – dei anglosaksiske nasjonane, også kjende som «Five Eyes»-landa i Nato på grunn av etterretningssamarbeidet sitt. Dei tre største av dei anerkjende Palestina som stat søndag. New Zealand var med på dette inntil nyleg, men kom på andre tankar saman med G7-landet Japan i førre veke, truleg av årsaker som er å finne i Aust-Asia.
At USAs næraste militære allierte tek ein annan posisjon enn amerikanarane i spørsmålet om Palestina, er ikkje uvesentleg. At Storbritannia no anerkjenner Palestina som stat, er svært symboltungt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.