KI

Du kan ikkje stole på språkroboten

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, meiner det framleis trengst menneskeleg tekstkompetanse i offentlege verksemder.
Publisert

I Dag og Tid 43/2025 set Marita Liabø søkjelyset på anglisismar i norsk talemål og skriftmål, og peikar på kunstig intelligens som ei av røtene til problemet. Ei undersøking Språkrådet nett har gjort, stadfester at KI-robotane produserer anglisismar av alle slag. Det kan forklarast med at robotane er trena på tekstar med engelsk som opphavsspråk.

I den nemnde undersøkinga testa Språkrådet fire praterobotar: ChatGPT og Copilot (som begge er mykje nytta i forvaltninga og skulen), den norskutvikla roboten NorMistral og dessutan Le Chat, ein fransk robot. Ein rapport frå undersøkinga er i kjømda.

Språkrådet hadde to mål med undersøkinga: 1) å kunne gje råd om forsvarleg bruk av praterobotar til tekstproduksjon i offentlege verksemder, som er underlagde krava i språklova, 2) å medverke til utviklinga av språkmodellar i Noreg.

Slike modellar bør òg så langt som råd stette språkpolitiske krav.

Korleis testa vi, og kva fann vi?

Vi lét dei fire robotane generere om lag 40 tekstar til saman. Så noterte vi feil og andre problem i alle tekstane. Hovudfunna var 1) at alle praterobotane meistrar bokmål langt betre enn nynorsk, og 2) at alle gjer så mange feil at tekstane treng grundig språkvask og korrektur. Feila er av alle slag, og spenner frå logisk og syntaktisk brest via engelske vendingar til vingling mellom valfrie former.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement