Det nye hotellet i Flåm – naturhærverk eller framtidsretta distriktsutvikling?

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I ein kommentar 1. juli skriv Ronny Spaans om hotellplanane i Flåm under overskrifta «Høgtårn i Flåm kan skremme bort turistane.»
Planane våre for eit 90 meter høgt hotell utløyser sjølvsagt både sjokk og skepsis. Hotel Varden utfordrar etablerte normer for kva folk kan akseptere, særleg kva folk som ikkje bur i vårt område, kan akseptere. Spaans føyer seg inn i rekkene av dei som synest at vestlandsbygdene skal sjå ut som dei alltid har gjort. Ein tankegang prega av at vi trur turistane forventar å sjå det same som dei såg i fjor. At vi som bur i desse vakre bygdene for all del ikkje må prøve å øydelegge turistane si forventning om å gå inn i eit naturmuseum. At endring og utvikling ikkje høyrer heime her. Alt må vere som før. Berre slik kan livet gå vidare.
Vi helsar debatten rundt Varden velkomen, men saknar eit breiare perspektiv. Særleg frå personar med bustadadresse utanfor Flåm. Dei har ofte behov for å fortelje oss kor feil dette prosjektet er, og syner liten vilje til å forstå den heilskapen vi som lokale initiativtakarar har med oss inn i et slikt prosjekt.
Varden er vårt svar på mange funksjonelle krav og ønske. Som at Flåm og regionen rundt har for lite hotellkapasitet i høgsesongen. Det skapar eit dårleg omdøme for ein region som inviterer gjestene til å opphalde seg her i fleire dagar. Ei anna utfordring er at risiko for skred, flodbølgje, flaum og stormflo gjer at areal til utvikling er avgrensa. Då må planmyndigheiter og næringsaktørar finne handlingsrom for alternative løysingar. Når Spaans skriv at «Norway’s Best meiner det ikkje er nok plass på bakken, så då må ein byggje i lufta», så er ikkje det noko vi meiner, det er ein realitet. Eit tredje viktig moment er heilårsaktivitet, ein føresetnad for å trekke til seg og behalde kompetanse, og for å overleve på sikt. Eit hotell med attraktive funksjonar og spektakulær arkitektur vil skape positive ringverknader for Flåm, og bidra til at vi kan lukkast med å skape heilårsturisme i Flåm. Sesongturisme er ikkje svaret på eit levedyktig reiseliv. Derfor er det nødvendig å tenke nytt og utanfor boksen.
Vår intensjon er ikkje å konkurrere med naturen. Den kampen er vi dømde til å tape. Men vår tilnærming er å skape eit hotell med element frå naturen, som gjennom sin spektakulære arkitektur skal utfylle og forsterke dei omgjevnadane det skal vere ein del av.
Spaans framstiller Varden som eit framandelement som vil skremme vekk turistane. Han gjer seg også til talsmann for verdas turistar, og skapar eit inntrykk av at dei er ei einsarta gruppe. Turistar har ulike behov. Det finst mange som aktivt oppsøker spesielle hotell. I Noreg har vi så langt ikkje hatt mykje å tilby dei. Varden vil få både nasjonal og internasjonal merksemd. Til tross for Spaans og andre sine dystre spådomar, trur vi at mange vil reise til Flåm for å oppleve Varden, også dei som i dag er sterke kritikarar av planane.
Suksessen i reiselivet i Flåm har skapt grunnlag for vekst i folketalet, auka sysselsetting og attraktive arbeidsplassar. Stikk i strid med mange andre distriktskommunar. Det handlar om lokalt eigarskap til utviklinga, og vilje og evne til å investere i kvalitet og produktutvikling. Det handlar også om stor respekt for det fellesskapet vi er ein del av, og eit sterkt ønske om eit levande lokalsamfunn for både innbyggjarar og besøkande. Som reiselivsaktør i eit av verdas vakraste fjordlandskap er vi avhengige av å ta vare på den storslagne naturen. Men fine kulissar åleine skapar ikkje levande bygder. Vi treng busetnad og eit mangfaldig, heilårs næringsliv. Varden har alt dette med seg. Resultatet vil bli ein ny, unik og spektakulær måte å oppleve Flåm på, som vi også trur vil løfte dei naturopplevingane som allereie er her.