JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Høgtårn i Flåm kan skremme bort turistane

I Flåm er det kome planar om eit høghus på 90 meter. Slike idear høyrer 1960-talet til, og det veit dei fleste turistane. Effekten kan bli omvend.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Turistnæringa i Flåm vil byggje eit tårn som skal tevle med dei majestetiske fjella, skriv Ronny Spaans.

Illustrasjon: Jensen & Skodvin / MIR

4038
20220701
4038
20220701

Vi minnest arkitekturen frå 1960-talet med skrekk. Då modernistiske klossar vart plasserte i idylliske naturlandskap. Byen Førde er eit kjent døme – ein asfaltørken som står i kontrast til fjellandskapet kring seg. Ferieparadis og fjordperler har vorte øydelagde av store bombastiske bygningar. Eit døme er det som eingong heitte «den kvite byen ved fjorden», Sandvika, som no vert kalla «betongvika».

Dei fleste europeiske land er ferdige med den slags naturhærverk. Men tydelegvis er ikkje bygda Flåm i Vestland det – ein av dei mest kjende turiststadene i Noreg, også kjend for Flåmsbana. Dit kjem turistar med båt og med tog for å oppleva høge fjell og bratt vestlandsnatur. Av den grunn er Flåm den femte største cruisehamna i Noreg.

Men fjella er tydelegvis ikkje nok, for turistnæringa i Flåm, Norway’s Best, vil byggje eit tårn som skal tevle med dei majestetiske fjella kring staden. Rett ved klassiske Fretheim hotell i Flåm skal høghuset Varden reisast. Det skal bli eit 90 meter høgt hotellbygg, med 29 etasjar. Bygningen blir truleg den høgaste på Vestlandet. Til jamføring kan det opplysast at Nidarosdomen er 97 meter høg.

Norway’s Best meiner det ikkje er nok plass på bakken, så då må ein byggje i lufta. Der skal det bli plass til Spa og kring nye 40 arbeidsplassar. Samstundes blir bygningen kalla «signalbygg» i omreguleringsplanen for Flåm – så då skjønar vi kva det handlar om: å byggje spektakulært for å tiltrekkje seg turistar.

Men kjære Norway’s Best, slik tankegang vart vi ferdige med for lenge sidan. I Trondheim har politikarar og utbyggjarar lova at dei ikkje lenger skal ta i bruk ord som «signalbygg» – det gjorde dei då den nye bydelen Brattøra vart utbygd, og dei såg at det vart ein bydel utan folkeliv.

Og ikkje minst: Utanlandske turistar vil på ingen måte la seg imponere over ein slik stakkarsleg stormannsgalenskap. Noreg er eit land med veike urbane tradisjonar – det gjeld like mykje utvikling på småstader som i storbyen. For utlendingar er det annleis: Natur og by heng nøye i hop.

Slik er det til dømes for franskmenn og italienarar med bakgrunn i «terroir-område», som er baserte på ideen om at ein stad har ein geografi, ein geologi og ein landskapskultur som heng nøye saman.

Vi har sjølv denne forventninga når vi ferierer i Sør-Europa. Vi oppsøkjer ikkje innandørs badeland når vi fer til Solkysten av Spania. Tyskarar og andre fer til Flåm for å oppleva storslagen natur. Fjella kring Flåm er gode nok «vardar» og «signalement» i seg sjølve. Nærøyfjorden ved Flåm står på Unesco-lista over kultur- og naturarvstader – som Vestnorsk fjordlandskap.

Dersom det er plassmangel i Flåm, finst det andre måtar å utvide bygda på. Alt treng ikkje vera samla i eitt bygg – altså ved samlokalisering, som dei siste tiåra har vore ein ulukkeleg trend i norsk arkitektur. Byggjer turistnæringa heller rundt omkring i Flåm, vil dei skapa «liv mellom husa», som idealet til den kjende danske byutviklaren Jan Gehl heiter.

Det står svart på kvitt i omreguleringsplanen knytt til høghuset at jamvel om «eksisterande bygningsmasse i dag» står «fram som lite heilskapleg», er «skala og byggehøgd» «relativt lik». Eit høghus vil altså øydeleggje det som finst av harmoni i Flåm. Og som sagt: Utlendingar med sterke urbane tradisjonar i blodet, og som samtidig har forventningar om å oppleve majestetisk vestlandsnatur, vil stegle av synet av høghuset Varden.

For å ta eit ny parallell med utgangspunkt i nordmenns reiser i utlandet: Mange som reiser til Tyskland, vil sjå autentiske slott, om det er Albrechtsburg Meissen eller Burg Altena. Vi vil neppe bli glade om turistnæringa på staden plasserte eit oppblåsbart hoppeslott framfor dei ærverdige bygningane.

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi oppsøkjer ikkje innandørs badeland når vi fer til Solkysten.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis