Kaj Skagen har i Dag og Tid nr. 16 ein interessant gjennomgang av ulike framlegg til oppdeling av det russiske imperiet. Han har nok langt på veg rett i å karakterisera desse tankane som ein leik på internett. Men det er likevel verdt å hugse at då dei to andre imperia i utkanten av Europa; Austerrike-Ungarn og Det osmanske riket, fall frå einannan etter den fyrste verdskrigen, klarte bolsjevikane å konsolidera det russiske imperiet under nytt namn.
Ikkje berre det, etter den andre verdskrigen klarte dei jamvel å utvide imperiemakta si vestover i Europa.
Slik sett har Sovjetunionen, og no Russland, stått imot ei generell utvikling i Europa og Midtausten som går frå multietniske imperium til nasjonalstatar. Denne utviklinga har ikkje alltid vore vakker, slik fragmenteringa av det tidlegare Jugoslavia syner. Og sjølvsagt kan inga grense, trekt på eit kart eller på ei slagmark, syte for full etnisk einsretting på noka side.
Men trongen til sjølvstyre på etnisk og kulturelt grunnlag er ei reell drivkraft i historia og ikkje berre ein intellektuell konstruksjon. Det kan vi i dag sjå mellom anna i Etiopia, der oromoar, amharaer og tigrayanarar slåst mot sentralmakta og mot kvarandre. Eller i dei nye nasjonalstatane som England og Frankrike for hundre år sidan konstruerte av Det osmanske riket, der kurdarar, amazighar og andre minoritetar framleis slit med å oppnå anerkjenning for identiteten sin.
Russland er i dag er eit imperium med grenser fastsett gjennom militære erobringar og med ei dominerande og mange underordna folkegrupper. Putin projiserer med militære styrkar imperiemakta ikkje berre til område som formelt er russiske, slik som Tsjetsjenia, men òg til nabostatar som Georgia og Ukraina. Av Ukraina har han jamvel annektert store område.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.