JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Russiske og antirussiske fantasiar

Lista er lang over dei som går inn for å oppløysa Russland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kart over eit mogleg oppløyst Russland.

Kart over eit mogleg oppløyst Russland.

Kjelde: Nettsida Nafo / Reddit

Kart over eit mogleg oppløyst Russland.

Kart over eit mogleg oppløyst Russland.

Kjelde: Nettsida Nafo / Reddit

10702
20230421

( Tatt frå <https://greekcitytimes.com/2022/07/31/medvedev-publishes-a-map/>)

(<https://www.reddit.com/r/NAFO/comments/xogktr/proposed_map_for_the_breakup_of_ruzzia/> Fra nettsiden NAFO, Reddit)

Den 27. juli i fjor publiserte den tidlegare russiske presidenten Dimitrij Medvedev på Telegram eit imaginært kart som skulle førestilla lagnaden til Ukraina etter krigen: splitta opp og delt mellom Russland, Polen og Romania, slik at det nye «Ukraina» ville vera berre Kyiv og omland. Ifølge den ukrainske nettavisa Kyiv Independent skreiv Medvedev at kartet over det oppstykka Ukraina var laga av «vestlege analytikarar», men utan å oppgje kjelde.

Medvedev har vore oppfatta som ein heller liberal og venleg russisk leiar, men under krigen i Ukraina har han stått fram som eit av dei fremste nettrolla til den russiske styringseliten. Kartet over det oppdelte Ukraina er meir eit trugsmål enn eit skjemt, og slike imaginære kart er ein del av krigføringa.

Åtte nye nasjonar

Også Russland vert nyteikna i kart som «spår» framtidig opp­splitting av føderasjonen, ofte etter etniske skiljeliner. Eit av mange slike som verserer på internettet, syner åtte nye nasjonar oppretta «etter samanbrotet av den russiske staten».

Dette kartet er òg attgjeve på Steigan.no knytt til ein omsett artikkel som presenterer oppstykkinga av Russland som den faktiske målsetjinga til USA med Ukraina-krigen (Mike Whitney, «Washington’s Plan to Break Up Russia», The Unz Review, 27. oktober 2022). Det er ei vanleg meining i gamalkommunistiske miljø at oppløysing av den russiske føderasjonen i ei rad etniske nasjonalstatar er ein lekk i USAs strategi for å oppnå globalt hegemoni.

I NKP-avisa Friheten (1. september 2022) vart det skrive at amerikansk, tysk og ukrainsk etterretning stør organisasjonen Free Nations of Post-Russia Forum, som går inn for «avkolonisering» og oppløysing av den russiske føderasjonen etter etniske skiljeliner. Det amerikanske trotskistpartiet Socialist Equality Party seier i ein resolusjon frå i fjor sommar at USAs mål er å bryta opp Russland «i eit dusin eller fleire kraftlause småstatar der verdfulle ressursar vil verta eigde og utnytta av amerikansk og europeisk finanskapital».

Putin og oppstykkinga

Denne førestillinga om at amerikanarane vil stykka opp Russland, finn ein att hos den russiske presidenten Vladimir Putin, som i eit intervju med ein av dei store russiske fjernsynskanalane i februar sa at «Russland vil verta delt opp i Moskva, Ural og forskjellige andre regionar» om USA vinn fram i Ukraina, og han hevda å ha «skriftlege prov» på dette (The Guardian, 26. februar 2023). Ein kunne mest tru det var det imaginære kartet frå Reddit han tenkte på, for her finn vi både republikken «Ural» og ein liten rest av «Russland», redusert til Moskva og omland.

Men trugsmålet om oppstykking av Russland i ei rad mindre nasjonalstatar er ikkje berre ein leik på internettet. Russland er i arealet det største landet på jorda og strekkjer seg over elleve tidssoner med nesten 200 nasjonalitetar innanfor grensene.

I nær fortid har landet bak seg ein rekkje nasjonale traume: Revolusjonen i 1917 som snudde opp ned på det meste; borgarkrigen med dei engelske, franske og japanske invasjonane i 1918–22, der det vart proklamert fleire uavhengige republikkar, blant anna i Sibir; Stalin-tida med konsentrasjonsleirane der opp mot 20 millionar uskuldige var i tvangsarbeid og kanskje to millionar døydde i åra 1930–53; det over syttiårige diktaturet som tvinga russarane under åket av ei systematisk ideologisk lygn; krigen mot Hitler som kosta meir enn 20 millionar russarar livet; det kjernefysiske rustingskappløpet med USA som ruinerte landet; Sovjet-statens samanbrot i 1991, som sette millionar av russarar utanfor dei nye russiske grensene; den økonomiske sjokkterapien i 1990-åra som gjorde landet til eit paradis for kriminelle småkongar og eit helvete for skikkelege folk.

Det ustabile Russland

Russland er såleis alt anna enn eit stabilt land, og krigen i Ukraina har sidan starten i 2014 aktualisert redsla for og vona om eit stort samanbrot i aust. Alt i 2015 skreiv The Economist om ei mogeleg oppløysing av den russiske staten («The Peril Beyond Putin», The Economist 30. juli 2015). Her ser ein for seg at Putins annektering av Krim kunne vera starten på eit fall av regimet hans, der nasjonale delrepublikkar og regionar som Tsjetsjenia, Dagestan, Tatarstan, Ural og Sibir kunne bryta ut frå føderasjonen.

Men «trass i Russlands djupe paranoia om at Amerika vil stykke opp landet, er eit slik scenario eit av Vestens verste mareritt», skreiv Economist i reportasjen, ikkje minst på grunn av det kjernefysiske arsenalet som under eit russisk samanbrot kunne falla i hendene på småstatar og lokale krigsherrar over heile området.

Det same meiner forfattaren og professoren for russiske studium ved George Washington University, Marlene Laruelle, i artikkelen med tittelen «Putin’s War and the Dangers of Russian Disintegration» i Foreign Affairs 9. desember 2022. Laruelle reknar ikkje ei oppløysing av Russland for å vera sannsynleg, men åtvarar mot «ein kollaps [som] ville føra til mange borgarkrigar» og slutten på ei demokratisering i landet.

«Avkolonisering»

Lista er lang over dei som går inn for å oppløysa Russland. Til dømes har den amerikanske statlege organisasjonen U.S. Helsinki Commission, som har fleire senatorar og kongressrepresentantar som medlemer, erklært «avkoloniseringa» av Russland for å vera eit «moralsk og strategisk imperativ», altså at oppstykkinga av den russiske føderasjonen tener amerikanske langsiktige interesser og dessutan er ei moralsk plikt.

Den ukrainske forfattaren Oksana Zabuzhko skreiv i New York Times 20. februar 2023: «Russland er ikkje nokon verkeleg nasjonalstat, men det same førmoderne fleiretniske imperiet som for 300 år sidan levde på geografisk ekspansjon og utbyting», og «kjem ikkje til å verta eit demokrati før det bryt saman».

Journalisten Casey Michel, knytt til den konservative amerikanske tenkjetanken Hudson Institute, skriv i artikkelen med tittelen «Decolonize Russia» (The Atlantic, 27. mai 2022) at Russland er «det siste europeiske imperiumet», og at vestmaktene etter eit russisk nederlag i Ukraina «må støtta ei full frigjering av Russlands imperiale undersåtter», det vil seia nasjonalt sjølvstende for dei ikkje-russiske etnisitetane. Casey meiner at Vesten «må fullføra prosjektet som starta i 1991» med samanbrotet av Sovjetunionen, og «fullstendig avkolonisere Russland», fordi verda ikkje kan vera trygg «før Moskvas imperium er styrta».

Faksimile av post på Dimitrij Medvedevs Telegram-konto 27. juli 2022.

I rapporten med tittelen «Preparing for the Final Collapse of the Sovjet Union and the Dissolution of the Russian Federation» frå Hudson Institute, skriv Luke Coffey at krigen i Ukraina «sannsynlegvis vil markera oppløysninga av den russiske føderasjonen», og at dette «tilbyr ein eineståande og sjeldan sjanse til å stenga Russland inne i den geopolitiske boksen sin for ein heil generasjon framover». Politiske strategar lyt difor alt no starta planlegginga av «den nye geopolitiske røynda på det eurasiatiske kontinentet [...]. USA og partnarar lyt ta steg for å redusera, marginalisera, oppdemma, avskrekka og om naudsynt nedkjempa Russland for all overskodeleg framtid».

Men det er ikkje berre nykonservative amerikanarar som ser for seg og vonar på Russlands undergang. Fredsprisvinnaren og den tidlegare presidenten i Polen Lech Walesa har gått inn for at «60 folkeslag som vart koloniserte av Russland», skal frigjera seg, slik at landet misser to tredjedelar av folkesetnaden sin. Leiaren for Ukrainas nasjonale tryggingsråd, Oleksij Danilov, seier i eit intervju at «Russlands oppløysing er i Ukrainas nasjonale interesse». (Kyiv Independent, 6. februar 2023)

I 1990-åra ville den amerikanske forsvarsministeren Dick Cheney gjennomføra «oppløysinga av ikkje berre Sovjetunionen og det russiske imperiet, men av sjølve Russland, slik at landet aldri meir kunne verta eit trugsmål mot resten av verda», skreiv den seinare amerikanske forsvarsministeren Robert Gates i memoarane Duty i 2014.

I artikkelen til Marlene Laruelle som er nemnd ovanfor, skriv ho at organisasjonen Forum of the Free Peoples of Russia på ein konferanse i Praha i juli 2022 publiserte ein «Declaration on the Decolonization of Russia» saman med eit kart over eit oppstykka Russland med kring 30 nye statar.

Skuggen frå fortida

Laruelle siterer òg frå argumentasjonen for oppløysinga av Russland, der uttrykket «frigjeringa av fengsla nasjonar» vert nytta. Uvilkårleg tenkjer ein på det fleirnasjonale habsburgske keisarriket Austerrike-Ungarn som braut saman og vart oppløyst etter den fyrste verdskrigen og som i tida fram til samanbrotet ofte vart kalla eit «nasjonanes fengsel». Oppløysinga av det gamle keisarriket var det tiande av dei vidgjetne «14 punkta» i fredsplanen til den amerikanske presidenten Woodrow Wilson i 1918.

Putin, som i talane sine freistar å legitimera den russiske invasjonen av Ukraina med historiske framstillingar og ser ut til å vilja byggja opp ein russisk nasjonal identitet på historiske tradisjonar, har neppe oversett at vestmaktene ofte har stykka opp land dei har sigra over i krig. Etter fyrste verdskrigen stykka dei opp Austerrike-Ungarn; i 1920 stykka dei opp restane av Det osmanske riket; i 1945 stykka dei saman med Sovjetunionen opp Tyskland.

Alt dette kan det ha vore gode grunnar til, og kva for langsiktige strategiar den amerikanske administrasjonen har, veit vi ikkje. Men eit russisk leiarskap som sjølv tenkjer «geopolitisk» og ser USA som ein maktspelar med globalt hegemoni som målsetjing, vil måtta rekna med at krigen i Ukraina er «vinn eller forsvinn» for dei, og mange røyster i vestleg ålmente styrkjer dei i denne trua. Det lovar ikkje godt for fredsutsiktene.

Splitt og hersk

Oppsplitting etter etniske grenser av føderasjonar som i lang tid har vorte fleirnasjonale, og der folkeslaga er vaksne saman på tvers av dei etniske grensene, er ein typisk skrivebordsfantasi som i praksis ofte endar i blodig katastrofe. Seinast såg vi dette i den jugoslaviske borgarkrigen med minst 130.000 dødsoffer og millionar av flyktningar.

Den føderative statsordninga er i røynda den einaste som kan fungera i fleirnasjonale og etnisk samanfletta område som Russland. Under framhald av ei sentralmakt som med tida kan få avgrensa mynde, gir føderalismen strukturelt rom for auka desentralisering, meir direkte demokrati og at folk får betre kontroll over eige liv, både overfor statlege og økonomiske makter. Det er denne utviklinga vi lyt stø i Russland.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis