«Dersom vi skal forstå Magnus Lagabøte, må vi nytta kjelder frå tida då han levde.»

Steinhovudet er ein kopi av ein skulptur av Magnus Lagabøte, som heng i Stavanger domkyrkje. Fotografiet høyrer til utstillinga «Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024» på Nasjonalbiblioteket. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket
Steinhovudet er ein kopi av ein skulptur av Magnus Lagabøte, som heng i Stavanger domkyrkje. Fotografiet høyrer til utstillinga «Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024» på Nasjonalbiblioteket. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket
Publisert Sist oppdatert

Dersom vi skal forstå Magnus Lagabøte, må vi nytta kjelder frå tida då han levde.

Vi må vurdera dei ut frå tida då dei vart til, og vi må vere sjølvkritiske med omsyn til vår eiga tolking; det er fort gjort å harmonisere kjeldene ut frå det ein ønsker å finne.

Jørn Øyrehagen Sunde refererer berre til sekundærkjelder frå vår eiga tid når han i Dag og Tid 24. februar 2024 held fast ved påstanden sin om at Magnus Lagabøte var Noregs sjette Magnus-konge.

Mellom anna viser han til ei omdatering av ein notis i Gottskalks annalar.

Dei fyldige notisane i dei islandske annalane til presten Gottskalk for åra 1274–1276 skil seg ut. Det er semje om at dei er henta frå den uferdige Magnuss saga som Sturla Thordsson skreiv. Ingen har påstått at notisane er fullstendige om kva som hende det året. Vi kan difor ikkje bruke notisen for året 1275 som prov for at erkebiskop Jon Raude ikkje var til stades da kong Magnus vitja Frostatinget og Øyratinget. Sjølvsagt var han der, slik dei andre bispane var til stades på lagtinga i deira bispedøme da Landsloven vart lagd fram. Og sjølvsagt ønskte kong Magnus at erkebispen skulle delta i tinget, sjølv om fleire historikarar (meg sjølv medrekna) har meint at dei var i konflikt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement