Historie
Den katolske biskopen – ein svikar?
Biskop Jacob Mangers.
Foto: Domkirkeodden / Digitalt Museum
I bokkommentaren «Dei ulydige var heltane» (Dag og Tid 6. juni) skriv Sigrun Slapgard om Sigrid Undset. Med Undset som utgangspunkt vil ho også formidla at Jacob Mangers, den katolske biskopen i Oslo under okkupasjonstida, svikta i motstandskampen.
Det råka ikkje minst jødane.
Men var biskopen ein svikar?
Kort etter freden i 1945 skreiv pater Hallvard Rieber-Mohn om biskop Mangers’ teneste under verdskrigen. Det blei for enkelt og for rosenraudt. Boka Kirken og okkupanten (red. Else-Britt Nilsen og Knut W. Ruyter, 2025) gjer det klårt.
Her vil eg prøva å forstå biskopen ut frå dei føresetnadane han hadde, og den kyrkjelege konteksten.
16. april 1940, kort etter den tyske invasjonen, sende biskop Mangers ut eit hyrdebrev der han demonstrativt tok avstand frå okkupasjonsmakta og Nasjonal Samling (NS). Vinteren 1942 støtta han biskopane i Den norske kyrkja da dei protesterte mot Vidkun Quislings lov om nasjonal ungdomsteneste. Mangers hadde altså vilje til å stå saman med protestantane, trass i mellomkrigstidas intense antikatolisisme både frå biskopar i Den norske kyrkja og frå lekfolket. Den katolske kyrkja svara med å halda fram at rekatolisering av Noreg var deira mål. Stemninga for samarbeid var ikkje særleg god.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.