JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Den folkerettslege statusen til Gaza

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Villhundar på israelsk side av grensa mot Gaza 1. januar 2024.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

4918
20240105
4918
20240105

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Folkerett

Dag T. Elgvin går i Dag og Tid 22. desember i rette med måten eg legg fram den folkerettslege stoda på Gaza på. Elgvin har leita fram tilleggsreglementet til den fjerde Haagkonvensjon av 1907. Der har han i artikkel 42 funne ei setning om at «ein okkupasjon gjeld berre på landområdet der autoriteten [til den fiendtlege hæren] har vorte etablert og kan utøvast». Elgvin held fram at sidan israelske styrkar i 2005 drog seg attende frå Gaza, har jo ikkje den fiendtlege hæren slik autoritet. Følgjeleg konkluderer han med at Gaza ikkje kan vere okkupert, og at underteikna har teke feil om den folkerettslege stoda på Gaza.

Elgvin trekkjer òg fram ei rekkje moment som er interessante og kan diskuterast, men som ikkje har relevans for spørsmålet om den folkerettslege statusen til Gaza. Eg skal halde meg til det spørsmålet åleine.

Eit område kan vere okkupert i folkerettsleg forstand på to ulike måtar. Det kan ha folkerettsleg status som okkupert territorium (ad bellum), eller partar kan vere underlagde reglane for okkupasjon i sin omgang med området og befolkninga (in bello).

La oss ta det siste først. Okkupasjonsretten, som òg er folkerettsleg sedvane, gjeld når ein framand styrke har «effektiv kontroll» over eit område som styrken ikkje har suverene rettar til. Israelske domstolar la til grunn at okkupasjonsretten gjaldt for israelske militære og sivile styresmakter på Gaza før 2005. Det har vore mykje diskusjon om korleis Israels tilbaketrekning frå Gaza i 2005 har påverka dette, både i israelsk høgsterett og i FN-organ.

Då Israel innførte blokade av Gaza i 2006, og stramma til i 2007, vart dette av dei fleste jamført med «effektiv kontroll», slik at pliktene og rettane under okkupasjonsretten framleis regulerte forholdet i stort. Sjølve blokaden er til dømes eit verkemiddel som har heimel i okkupasjonsretten. Israelske styresmakter erklærte i 2007 Gaza for «fiendtleg territorium styrt av terrororganisasjonen Hamas» og meinte seg friteken frå plikter under okkupasjonsretten.

Fram til bakkeinvasjonen i 2023 har det vore stor usemje om verknadene for ulike delar av okkupasjonsretten. Etter kvart som den israelske hæren no erklærer «effektiv kontroll» i utvalde område på Gaza, er spørsmålet ikkje lenger omtvista. Israelske styrkar er bundne av reglane for militær okkupasjon etter kvart som dei får «effektiv kontroll» over landområde på Gaza. Spørsmålet om okkupasjon in bello er altså i stor grad avhengig av kva Israel gjer.

Det andre spørsmålet – og det Elgvin truleg er mest oppteken av – handlar om Gazas status i folkeretten. Då talar vi om okkupert territorium i ad bellum-forstand. Her er det ikkje primært Haag-reglementet og plikter og rettar for israelske styrker og palestinarar som er relevante, men korleis FNs tryggingsråd, FN domstolen ICJ, eller i fråvær av slikt vedtak fleirparten av statane i verda, gjev uttrykk for korleis dei oppfattar den folkerettslege statusen til eit område. Spørsmålet om okkupasjon ad bellum er i større grad avhengig av andre statar enn av kva Israel gjer og meiner.

Den syriske Golanhøgda vart i si tid annektert av Israel – altså underlagd full israelsk lovgjeving. FNs tryggingsråd og dei fleste statar i verda reknar likevel Golan for å vere territorium okkupert av Israel. Tilsvarande gjeld for Krym-halvøya, som Russland har annektert. Dei fleste statane i verda ser på Russlands annektering som folkerettsstridig, og reknar dermed Krim som «okkupert territorium».

Då Israel trekte seg attende frå Libanon i 2000, anerkjende statane i verda og FNs tryggingsråd at tilbaketrekkinga innebar ein ende på israelsk okkupasjon. Den grøne lina mellom Israel og Libanon vert derfor sett på som ei internasjonalt anerkjend grense verna av FN-pakta. Etter at Israel trekte seg attende frå Gaza fem år seinare, i 2005, ynskte Israel same aksept for si grense mot Gaza – at ho skulle vere internasjonal.

USA, FNs tryggingsråd og dei fleste andre statar i verda sa nei. Dette vart stadfesta av FNs tryggingsråd i resolusjon 1860 i 2009 og seinast i resolusjon 2720 i 2023. Alle vetomakter i FNs tryggingsråd legg der til grunn at «Gazastripa utgjer ein integrert del av området okkupert i 1967». Ein svoren Israel-ven som USA, som i 2018 endra sitt syn på den folkerettslege statusen til Golanhøgda (aksept for at Golan er ein del av Israel), gav seinast i 2021 uttrykk for synet om at den folkerettslege statusen til Gaza er okkupert territorium.

I 2022 bad Generalforsamlinga i FN Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) om å ta stilling til konsekvensane av Israels langvarige okkupasjon av palestinsk territorium. Høyringa vil starte i Haag den 19. februar i år. Innan den tid er det truleg uomtvistelig at Gaza er okkupert i begge tydingar.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Keisam radiokanal

Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis