JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Den faglege skvisen er reell

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4261
20230630
4261
20230630

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Fagspråk

Regjeringa har nyleg lansert ein handlingsplan for norsk fagspråk, men eg er ikkje overtydd om at han vil utgjera så stor forskjell. I Dag og Tid 16. juni skreiv eg at planen står i ein skvis mellom to typar sjølvberging i norsk akademia; at me skal produsera vår eiga samfunnsnytte, og at me skal styrka vår felles kulturelle identitet.

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel skriv 23. juni at eg omtalar handlingsplanen som om kampen for norsk språk i akademia allereie er tapt, og han synest innlegget mitt er deprimerande lesnad. Men akademia er prega av motstridande forventningar som det er uråd å oppfylla samtidig, og det fyller mange av oss med tvil om korleis me bør gå fram.

Eit døme på samfunnsnytte ville vera at me her i Noreg byggjer eit system for generativ kunstig intelligens som me har full nasjonal råderett over. Ein slik ressurs ville gjort at me kunne støtta opp under kulturell utvikling med alle slags norskspråklege nettstader og appar for skuleverket, akademia og sivilsamfunnet elles.

For å lykkast med slik tekno-kulturell sjølvberging ville me trenga tusenvis av forskarar og utviklarar med spesialkompetanse. Me veit alle at det er for få norskspråklege ekspertar, og engelsk ville difor vorte eit nyttig og heilt nødvendig middel. Me måtte ha rekruttert folk frå andre land til å hjelpa oss med å fremja vårt eige språk og vår kulturelle identitet, og me må snakka engelsk saman for å få det til.

Burde me gjera noko slikt? Tvilen melder seg, for ulempene er jo tydelege. Engelsk dominerer allereie i mange tekniske fag, og studentar kan ikkje snakka fag på morsmålet sitt. Ei slik satsing ville ha forverra situasjonen, og ho ville også kravd at administrasjon og leiing føregjekk på engelsk. Men dersom me skulle satsa på teknologisk sjølvberging, ville det ikkje vera nokon veg utanom.

Oddmund Løkensgard Hoel meiner ei slik nytteorientert tilnærming er deprimerande. Han oppfattar kulturell sjølvberging som eit mål i seg sjølv, og ville truleg berre ha investert i det tekno-kulturelle systemet viss det heilt frå starten understøtta norsk fagspråk. Utanlandske forskarar måtte ha lært seg norsk på språkkurs, slik at studentar og offentlegheita nytte godt av eit nyansert fagspråk rundt teknologiutviklinga. Slik ville Noreg kunna få i pose og sekk: både ein sterkare kulturell identitet og eit fantastisk teknologisk system.

Den ideelle utanlandske akademikaren tenkjer at det er nødvendig å læra seg norsk for å bidra til norsk kunstig intelligens, og ho aksepterer å vera ein språkleg nybegynnar i ein lengre periode. Tvilen melder seg igjen, for her er ulempene også klare.

Det er tidkrevjande for utanlandske forskarar å læra seg norsk, og eit slikt krav kan føra til færre internasjonale rekruttar. Konkurransen om smarte folk er stor og dei kan få seg stillingar i andre land enn Noreg. Det vil dessutan gå med svært mykje verdifull arbeidstid til norskopplæring. Målet om eit nasjonalt system for kunstig intelligens ville ta mykje lenger tid å gjennomføra, og kanskje det aldri ville blitt ferdig.

Går det an å finna ein mellomposisjon? Dette har eg diskutert med kollegaer dei siste vekene, og me er samde om at svaret ligg i den haldninga til fagspråk som norske og utanlandske forskarar og studentar utviklar overfor kvarandre undervegs i samarbeidet. Me norske er nemleg ikkje så flinke til å hjelpa utanlandske akademikarar med å læra seg norsk. Det er krevjande for utlendingane å læra seg eit nytt språk, men det er også krevjande for oss å bidra til læringa deira. Då er det enklare å snakka engelsk.

Det er me som brukar fagspråk på møte, forelesingar og i allslags uformelle samanhengar, som må dyrka fram eit norsk vokabular. Me må også vera viljuge til å ta oss ekstra tid viss me skal snakka med dei på norsk. Ein slik dugnad ville truleg gjera at norsken kom tydelegare til uttrykk i akademia.

Den faglege skvisen er reell. Akademia vert dradd mellom ei heilt nødvendig nyttetenking og eit like nødvendig språkstrev. Me som arbeider nede på golvet, må jobba med denne kompleksiteten i mange år framover. Eg trur ikkje handlingsplanen frå Regjeringa vil utgjera så stor forskjell.

Lars Nyre er professor i medievitskap og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis