Det er verdt å kjempe for det norske fagspråket
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Dei siste åra har stadig meir undervisning og forsking ved universitet og høgskular føregått på engelsk. Regjeringa vil at norsk framleis skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. I ein ny handlingsplan har vi derfor lagt fram konkrete grep for å tryggje og styrkje norsk fagspråk for framtida.
I Dag og Tid den 16. juni kommenterer professor Lars Nyre handlingsplanen i deprimerande vendingar. Eg oppfattar at han langt på veg støttar målet til regjeringa om å halde oppe eit levande norsk fagspråk. Det er kanskje ikkje så overraskande for ein kommentator som skriv i ei avis som alltid har hatt ei tydeleg språkpolitisk linje og har gjort mykje for å halde det norske fagspråket levande.
Det er meir til å undrast over at Nyre synest å meine at slaget om norsk fagspråk allereie er tapt. Han viser til teknologifaga, som han sjølv underviser i, og seier at der er det engelsk som gjeld, og det nyttar det ikkje å gjere noko med.
Vårt utgangspunkt er meir offensivt og optimistisk. Me kan ikkje som kulturnasjon akseptere at me ikkje skal kunne diskutere eit så viktig område som teknologi på vårt eige morsmål.
I ei tid prega av teknologiske gjennombrot, mellom anna basert på store språkmodellar og andre former for kunstig intelligens, er det særleg viktig med ein open og opplyst samtale som både ekspertar og lekfolk kan delta i – på norsk. Det er difor forskings- og høgare utdanningsministeren saman med kulturministeren har laga denne handlingsplanen, og det er difor regjeringa vår vil syte for at han blir gjennomført.
På same tid skal eg ikkje nekte for at Nyre har eit viktig poeng. Kunnskapsutviklinga innan teknologifag er internasjonal, og det internasjonale forskingsspråket er engelsk. Det kan me sjølvsagt ikkje endre på. I handlingsplanen seier me difor heilt tydeleg at norske forskarar i stor grad må publisere forskinga si på engelsk, og me støttar aktivt at forsking må gå føre seg gjennom internasjonalt samarbeid.
Med undervisning og formidling er det annleis. Dei fleste studentar i Noreg skal ut i det norskspråklege arbeidslivet, og formidlinga av forsking til den norskspråklege allmenta både kan og bør gå føre seg på norsk. Då treng me eit levande norsk fagspråk på alle fagområde med norske termar på både nynorsk og bokmål, me treng undervisarar som meistrar norsk, og me treng gode formidlingskanalar og støtteordningar for norske tidsskrift og lærebøker. Det er dette handlingsplanen handlar om.
Eit poeng til slutt. Nyre seier at eit hovudproblem med å behalde norsk som eit levande fagspråk innan teknologi, er at det ikkje finst norskspråklege søkjarar til dei vitskaplege stillingane i desse faga. Teknologimiljøa bør tenkje meir systematisk gjennom korleis dei skal løyse rekrutteringsproblema med dei verkemidla dei rår over, slik andre arbeidsgivarar også må gjere. For me kan ikkje etablere rekrutteringsmønster som fører til at me over tid gjev opp det norske fagspråket.