Dei siste dødsdømde

Publisert

Førre veke fekk vi det siste programmet om dei som vart dødsdømde her i landet etter siste verdskrig. Programmet var på mange vis interessant, men etter mitt syn ubalansert.

Den kjende psykiateren og samfunnsreformatoren Johan Scharffenberg var ein av dei første som sa frå om faren ved Adolf Hitler, som han diagnostiserte gjennom 16 kronikkar i Arbeiderbladet i 1933. Under rettsoppgjeret i 1945 var han atter på ferde med sitt upopulære krav om at landssvikarane burde få sine juridiske rettar under oppgjeret.

Folkefleirtalet var for dødsstraff etter krigen, men Scharffenberg gjekk tidleg mot straumen og skilde seg ut da han skreiv ein artikkel i Arbeiderbladet, berre eit par veker etter kapitulasjonen, med argument mot dødsstraff. «Jeg skriver ikke ut fra en sentimental medfølelse med landsforræderi og terrorister, men ut fra en fast overbevisning om at dødsstraff vil være et skritt tilbake mot fortidens barbariske rettspleie.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement