Oddgeir Havn meiner i Dag og Tid 3. november at kollektivtransport på stålskjener er betre enn bil på veg av ressursgrunnar. Det stemmer ikkje med offentleg statistikk.
Jernbana transporterer berre 1 prosent av personreisene i landet og utfører 3 milliardar personkilometer per år. Kvar person kostar 13 kroner for kvar kilometer han reiser, av det 9 kroner berre for bruk av dei eksklusive stålskjenene, som staten betalar 26 milliardar for årleg. Totalt yter staten årleg 31 milliardar årleg i tilskot til toget, og i tillegg betalar dei reisande kostnaden for billetten til togselskapet.
Bilen utfører 70 milliardar personkilometer årleg og avgifter dekkjer vegkostnaden. Medrekna vegkostnad kostar det om lag 3 kroner å transportere ein person i bil med 1,7 passasjerar. Togtransport er fire gonger så ressursbrukande som bil, men billegare enn bil er store godt utnytta bussar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.