Kronikk

Brutal junta med valbløff

Generalane i Myanmar prøver å lura verda til å tru at dei har legitim makt etter fem år med borgarkrig og massive overgrep.

Folk står i kø for å røysta i hovudstaden Naypyidaw under første runde av valet i Myanmar den 28. desember.
Publisert Sist oppdatert

I eit innlegg i Dag og Tid i romjula skreiv eg om kvifor vi her i Noreg har ekstra god grunn til å bry oss om dei massive overgrepa som generalane står for i Myanmar (Burma): Vårt eige Telenor kan ha medverka til brotsverk ved å gje militærjuntaen sensitive mobildata frå 1300 kundar før telegiganten trekte seg ut i mars 2022. Stortinget må gjera det som trengst for at sanninga må på bordet.

Millionar på flukt 

Då Telenor trekte seg ut, var det gått vel eitt år sidan generalane gjennomførte eit brutalt kupp 1. februar 2021. Nasjonalforsamlinga som var vald i november året før, vart jaga – og flykta for livet. Opposisjonsleiar Aung San Suu Kyi vart fengsla. Juntaens brutale framferd mot fredelege demonstrantar og etniske minoritetar og væpna grupper utløyste borgarkrig. Sidan 1. februar 2021 er 100.000 sivile heimar blitt sette fyr på med vilje. 3,6 millionar er på flukt.

Den 28. desember gjennomførte generalane eit «val», ein rein farse, for å legitimera makta. 11. januar kjem valomgang to.

Farsen får det utfallet generalane vil. Det junta-støtta partiet USDP vann til dømes 38 av dei 40 seta som no vart fordelte i underhuset i parlamentet. Valet vart gjennomført i den tredjeparten av kommunane (townships) der juntaen har kontroll. Ein oppslutnad om valet på 52 prosent er ikkje mykje å skryta av.

Tomme gater 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement