Debatt
Bombar kyrkjer, brenner heimar
Militærjuntaen har fengsla politiske dissidentar og forbode politiske parti. 28. desember arrangerer dei parlamentsval.
Opposisjonelle soldatar frå Ta'ang-hæren, som kontrollerer område aust i Myanmar. Konfliktane i landet går hardt ut over sivile.
Foto: Gemunu Amarasinghe / AP / NTB
Det er svært viktig at PST no må etterforska om Telenor medverka til brotsverk mot menneskeslekta ved å gje militærjuntaen i Myanmar (Burma) sensitive mobildata frå 1300 kundar før telegiganten trekte seg ut i mars 2022. Telenor får sterk kritikk i ein ny rapport og blir saksøkt for ein milliardsum av svikne kundar i Myanmar.
Det er grunn til å tru at juntaen brukte mobildata frå Telenor i jakta på opposisjonelle. Er menneske blitt fengsla og torturerte og i verste fall drepne? Vi kan ikkje slå oss til ro utan å vita kva ansvar Telenor i så fall hadde.
Drap og brende landsbyar
Tragedien i Myanmar er elles i lange periodar blitt gløymd. Nyleg sat eg med ei FN-kjelde i hovudstaden Bangkok i Thailand. Derifrå følgjer staben til FNs høgkommissær for flyktningar Myanmar. Gong på gong har staben varsla om brutale brotsverk.
Sidan kuppforsøket i Myanmar 1. februar 2021, som utløyste Telenors exit, er 100.000 sivile heimar blitt sette fyr på med vilje. 3,6 millionar er på flukt. Over 20 millionar treng humanitær hjelp.
Mi FN-kjelde hadde fått kjeft av ein kjenning heime i Europa, FN-mannen fekk høyra at han «ikkje brydde seg om folkemord», les: Gaza. FN-kjelda mi måtte frustrert svara at han hadde dokumentert folkemord i 7–8 år, men at verda knapt bryr seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.