JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

4940
20240322
4940
20240322

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

EØS-avtala

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier i Dag og Tid 15. mars. Det norske folkestyret vil tvert om verta styrkt om Noreg vert medlem i EU, sidan me då ville få innverknad på politiske vedtak som i alle høve styrer vår kvardag, om me held på EØS-avtala eller går for bilaterale avtaler med EU slik Frogner vil.

Noreg er eit lite land med ein open økonomi i verdas periferi. Og som alle andre land med open økonomi handlar me mest med våre naboar, dei nordiske landa, som er medlemmer i EU, og Storbritannia.

Storbritannia er den største einskildmarknaden vår, ikkje minst saman med Tyskland når det gjeld olje og gass. Men EU-landa er langt viktigare for vår fastlandsindustri. Difor må me halde på EØS-avtala, eller søkje medlemskap i EU, så me òg kan få politisk innverknad på vår eigen kvardag.

Jan-Erik-Grindheim er professor ved Universitetet i Søraus-Noreg og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: CF-Wesenberg / Kolonihaven

«Eg tykkjer ei slik haldning til EU-samarbeidet er skammeleg.»

Store verdiar

I dag kjem snart kvar tiande sysselsett her i landet frå eit EØS-land, og det er vanskeleg å tenkje seg at norske verksemder og offentleg sektor skulle kunne halde oppe det same produksjonsnivået framover som no utan desse arbeidstakarane.

Det same gjeld den frie tilgangen norske verksemder har til den indre marknaden i EU, med rundt 450 millionar innbyggjarar. I 2022 gjekk 72,2 prosent av norsk fastlandseksport til Europa.

Av dette var verdien av eksporten til Storbritannia 27 milliardar kroner, så Frogner har heilt rett i at britane er gode kundar for norske verksemder og arbeidsplassar. Men den samla verdien av eksporten til EU-landa er langt, langt større: heile 405 milliardar kroner i 2022.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder. Ikkje minst i distrikta, der verdiskapinga i eksportretta industri er stor.

Men verdiskaping handlar ikkje berre om pengar. Gode og trygge marknader skapar òg arbeidsplassar og levande lokalsamfunn her til lands. Difor treng me EØS-avtala, for å minimalisera risikoen for at arbeidsplassane i norsk eksportretta industri skal forsvinna.

Å minimalisera risiko ligg vel òg til grunn for Eva Aalberg Undheim sitt spørsmål til Frogner om kven han heller ville ha samarbeid med for å sikra utstyr til smittevern raskt når koronapandemien råka oss enn EU? Og kva svarar Frogner? Jo, det hadde vore betre i det høvet å handla med India.

Ikkje noko gale sagt om India. Indarane er langt framme i farmasiindustrien og flinke folk. Men India er eit stykke unna samanlikna med EU. Kvifor skulle me dra dit om det me trong, fanst langt nærare?

Leiar i Nei til EU Einar Frogner.

Leiar i Nei til EU Einar Frogner.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Alt handlar om oss

I det heile har vel korkje Frogner eller rørsla hans Nei til EU mykje å koma med i sin motstand mot EU og EØS-avtala. «Eigentleg er det vanskeleg å trekkje fram enkeltelement» i EØS-avtala som utfordrar folkestyret, må han sjølv innrømma. Kva er det då Nei til EU vil ha kamp om EØS om?

Det får vi vita litt om i deira eiga EØS-utreiing, som nett kom ut med tittelen 30 år med EØS-avtalen. Rapport fra Folkestyreutvalget. Rapporten er veldig grundig og velskriven, med mykje gode data og flotte figurar. Eg kjem sikkert til å nytta noko av det i mine førelesningar om Noreg og EU.

Men korleis eit slikt utval kan koma fram til konklusjonen om at «[d]et er mange forhold som taler for at EØS-avtalen ikke har vært drivkraften» i den sterke økonomiske veksten Noreg har opplevd sidan 1994 (s. 8), og at «EØS-avtalen gir ikke forutsigbarhet for norske arbeidsplasser, men setter dem i spill» (s. 66), er vanskeleg å forstå.

Heile denne rapporten, som intervjuet med Frogner i Dag og Tid, er gjennomsyra av det grunnleggjande nasjonalegoistiske synet Nei til EU har på internasjonalt samarbeid. Det skal heile tida gå føre seg på våre premissar: «EU trenger energi», «EU trenger fisk», «EU trenger mineraler og metaller» (s. 92) – slik held dei fram: Alt handlar om oss og våre interesser.

Skammeleg haldning

Korkje i intervjuet Dag og Tid har med Frogner, eller i denne rapporten frå Folkestyreutvalet deira, høyrer me noko om felles interesser, felles behov, felles løysingar. Samstundes skal Noreg ha bilaterale avtaler på alle moglege områder med eit EU som alle andre land skal ta kostnadene med å halda oppe.

Eg tykkjer ei slik haldning til EU-samarbeidet er skammeleg.

EU er eit prosjekt for fred, fridom og framgang, som har tent Europa og Noreg godt gjennom meir enn 75 år. Heile poenget med EU har vore å ta ifrå dei enkelte landa suverenitet for til sjuande og sist kanskje å gje kvar og ein av dei meir suverenitet nett fordi dei samarbeider om alt det Nei til EU og Frogner vil at me skal stå åleine om i verda.

Jan Erik Grindheim er professor ved Universitetet i Søraust-Noreg og statsvitar i tankesmia Civita.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis