JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil ha ny EØS-kamp

Trass i nye og meir urolege tider: Nei til EU-leiar Einar Frogner trur ikkje ein ny EØS-debatt vil gje fleirtal for norsk EU-medlemskap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Einar Frogner, leiar i Nei til EU.

Einar Frogner, leiar i Nei til EU.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Einar Frogner, leiar i Nei til EU.

Einar Frogner, leiar i Nei til EU.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

9304
20240315

Samtalen

Einar Frogner

leiar i Nei til EU

Aktuell

Nei til EUs nye rapport om EØS-avtalen

9304
20240315

Samtalen

Einar Frogner

leiar i Nei til EU

Aktuell

Nei til EUs nye rapport om EØS-avtalen

eva@dagogtid.no

I mai for to år sidan sette regjeringa ned eit utval for å greie ut korleis EØS-avtalen og andre avtalar med EU har verka for Noreg sidan førre EØS-utgreiing – Europautgreiinga – som vart levert i 2012.

Parallelt sette styret i organisasjonen Nei til EU ned eit eige utval, som har fått namnet folkestyreutval, som skulle greie ut kva for konsekvensar EØS-avtalen har hatt for folkestyre, befolkning og næringsliv.

Medan EØS-utgreiinga frå det regjeringsoppnemnde utvalet er venta å verte lagd fram like etter påske, la Nei til EUs folkestyreutval fram rapporten sin denne veka.

Dag og Tid har snakka med Nei til EU-leiar Einar Frogner, som også har leia utvalet.

– Fyrst: Kvifor har de sett ned eit eige EØS-utval no, stolar de ikkje på at utvalet regjeringa har sett ned, gjer ein god nok jobb?

– Nei, vi meiner mandatet det har, er for snevert, fordi det fyrst og fremst skal sjå på erfaringar. Vi meiner det bør sjåast på både erfaringar, konsekvensar og alternativ, og det er det vi prøver å gjere gjennom jobben vi har gjort. Namnet Folkestyreutvalet kom til etter kvart, fordi vi ser tydeleg at mykje styresmakt er flytta frå demokratiske rom, at mange avgjerder no vert gjorde utanfrå, og at demokratiet er svekt.

– Men at EØS-avtalen har eit demokratisk underskot, er slått fast for lenge sidan, utan at det ser ut til å plage nokon nok til at det vert forsøkt endra. Kva gjer at de tenkjer det vert annleis no?

– Det gjer kanskje ikkje mykje inntrykk på dei som har gått inn for avtalen, men blant folk flest trur eg det er fleire som ser at det er mykje som ligg bortom demokratisk påverknad no. Sjå til prisen på kraft som døme. Ønsket tidlegare politikarar hadde om eigarskap til straum og vatn, og at det skulle kome folket til gode, er det ikkje mykje att av.

– Når det gjeld handel, er vi truleg mindre avhengige (av EU) no enn i 1994.

Einar Frogner, leiar i Nei til EU

– EØS-avtalen har verka i 30 år. Kva for enkeltsak eller enkeltområde ved avtalen vil du seie har utfordra det norske demokratiet og folkestyret mest?

– Endringane innan arbeidsliv og energi fyrst og fremst, men samstundes mykje anna òg. Eigentleg er det vanskeleg å trekkje fram enkeltelement, men dette med at folkestyret er svekt, overskyggjer alt. Og det er svekt utover det som var føresetnaden då EØS-avtalen vart inngått. Handlingsrommet til å finne nasjonale tilpassingar til EU-regelverket der det er naudsynt, er i praksis også uthola gjennom at vi automatisk implementerer nesten alt EU-regelverk, og at vetoretten nesten ikkje er brukt.

– Men kan ikkje nett det – at handlingsrommet og den såkalla reservasjonsretten nesten ikkje er brukt – indikere at norske politikarar ikkje ville gjort ting så annleis enn EU, sjølv om vi stod utanfor EØS?

– Det syner jo at fleirtalet på Stortinget meiner utviklinga har vore grei. Men fleire av regelverka som då har vorte implementerte, til dels utan debatt og i alle fall utan omfattande debatt, meiner jo vi burde vore handsama med tre fjerdedels fleirtal og etter paragraf 115 i Grunnlova, fordi dei inneber suverenitetsavståing. Det er bakgrunnen for søksmålet vårt mot staten om tilknytinga til EUs energibyrå Acer.

Nei til EU saksøkte staten for måten vedtaket om å gå med i EUs tredje energipakke og knyte Noreg til EUs energibyrå Acer, vart gjort på, men tapte saka. No meiner Nei til EU-leiar Einar Frogner at det trengst endringar i tilknytinga til EU for å sikre det norske folkestyret.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– De konkluderer med at det trengst endringar for å sikre det norske folkestyret. Kva for endringar ser du som mest prekære?

– Det er ingen løyndom at vi ønskjer å erstatte EØS-avtalen med bilaterale avtalar, men det er eit langt lerret å bleike. Det fyrste vi kan gjere, er å gå nøyare gjennom og sjå kva EU-regelverk det er fornuftig å tilpasse oss, kva for konsekvensar regelverket kjem til å ha, kva som bør behandlast politisk etter paragraf 115, og kva vi bør reservere oss mot. Altså: Vi må bruke handlingsrommet vi til no berre har brukt i liten grad.

– Meiner du òg at Noreg samla sett vil klare seg betre utan EØS-avtalen enn med?

– Ja. Ser vi på handelsbalansen, kjøper vi meir varer og tenester frå EU enn vi sel tilbake. Vi er òg attraktive i den grad at vi leverer både gass og sjømat til EU, så at vi er ein attraktiv part å inngå avtalar med for EU på fleire felt, er heilt opplagt.

– Det er heilt nye tider internasjonalt no, både tryggingspolitisk og handelspolitisk, og globalt samarbeid vert tona ned til fordel for regionalt samarbeid og for samhandling med vener og land med same verdigrunnlag. Er det rett tid å jobbe for norsk åleinegang andsynes EU?

– Vi snakkar ikkje om åleinegang, vi snakkar om samhandling med andre, men med ei sjølvstendig røyst.

– Men er vi ikkje eigentleg meir avhengige av samhandling med EU i dagens internasjonale klima enn då EØS-avtalen vart inngått?

– Då EØS-avtalen vart inngått, var jo alle nabolanda våre omfatta av samarbeidet. No er Storbritannia, som Noreg har svært mykje handel med, utanfor. Så når det gjeld handel, er vi truleg mindre avhengige no enn i 1994 (då avtalen tredde i kraft, journ. merk.). Som eit lite land er vi òg avhengige av samhandel med heile verda, men det er klart at vi handlar mest med dei næraste nabolanda.

– Då pandemien råka, var det samarbeid med EU som gjorde at Noreg fekk tak i smittevernutstyr raskt.

– Her er det prøvd å selje ei historie om at vi ikkje kunne klart oss utan EU, og den vert no brukt til å selje inn at det er heilt naudsynt for Noreg å vere med i EUs helseunion. Men vi fekk tak i utstyret fordi vi valde å samhandle med EU. Vi kunne heilt opplagt ha valt noko anna og samarbeidd globalt i staden.

– Med kven?

– Med India, til dømes. India er eit stort land når det gjeld farmasiindustri. Sveits er eit anna. Når heile verda er råka av pandemi, så bør jo samarbeidet òg ha utgangspunkt i WHO og FN for å sikre ei rettvis fordeling i heile verda. Det ville vore det rette grepet, etter mitt syn.

– I rapporten dykkar skriv de at «(m)atberedskap og sikkerhet er for viktig til å overlate til markedet. Det kreves nasjonal politisk styring med et langsiktig perspektiv». Samstundes er vel EU meir sjølvforsynte med både mat og legemiddel enn det Noreg er, i tillegg til at det norske forsvaret no ikkje akkurat er betre rusta enn EU-lands forsvar. Er det grunn til å ha så stor tru på at nasjonale politikarar sikrar oss betre på eigen kjøl?

– Det vert selt inn eit narrativ no om at vi treng tryggingspolitisk samhandling med EU på grunn av uvissa i verda rundt oss. Men då er det jo interessant å sjå at både Finland og Sverige, som er EU-medlemmer, no har meldt seg inn i Nato. Når det gjeld matberedskap, er det opplagt at sjølvforsyninga i Noreg er låg, også på verdsbasis, men no er det lagt fram politisk mål om å auke ho monaleg. Skal vi få til det, er vi avhengige av å ha politikk tilpassa nasjonale forhold med eit kaldare og våtare klima og kortare vekstsesong enn dei fleste landa vi kan handle frå.

– Er EØS og EU-samarbeid til hinder for å byggje opp eigen matberedskap?

– Nei, det desidert viktigaste for å få til det er at det finst ein nasjonal vilje. Men EØS gjer noko med importen av matvarer, og importen har auka og trugar norsk matproduksjon.

– Men dersom Donald Trump vert president i USA igjen og han svekkjer Nato, har vi då anna val enn å knyte oss tettare til EU tryggingspolitisk?

– Ja, Trump vert også brukt for å skremme oss nærare EU i delar av samfunnsdebatten og media. Men Nato har fleire andre medlemmer enn EU. Storbritannia, til dømes. I tillegg vil eg tru at nordområda våre er relativt interessante framover også. Eg tvilar på at ei stormakt vil sitje og sjå på at andre stormakter får større kontroll over dei.

– Du er ikkje redd ein ny debatt om EU-tilknytinga vår slik verda er no, skal leie til fleirtal for norsk medlemskap?

– Målingane gjennom alle år sidan 1994 har synt eit stabilt, stort nei-fleirtal, og slik eg les det, vert også skepsisen mot EØS-avtalen berre sterkare, så det skal nok eit lite jordskjelv til for at det vert fleirtal, men ein veit jo aldri. Eg trur i alle høve ein levande debatt om korleis vi samarbeider med andre land, er noko vi treng å ha fortløpande.

– Kva følgjer ser du føre deg at rapporten dykkar kjem til å få framover?

– Eg håpar han vil breie ut perspektivet litt, få folk opp av skyttargravene og syne at det finst alternativ og andre måtar å gjere ting på enn i dag, slik at vi får ein betre debatt enn den påstandsdebatten eg oppfattar at vi har i dag. Debatten no er snever, det er litt slik som før 1994, då det vart sagt at vi måtte inn i EU for å få selt varene våre. Det vart raskt tilbakevist.

– Nei til EU laga, saman med delar av fagrørsla og bondeorganisasjonane, ein alternativ rapport til den førre EØS-utgreiinga òg, i 2012. Kva erfaringar har de frå den gong når det gjeld gjennomslag i den offentlege debatten og i politisk praksis?

– Vi har ikkje analysert det no, men meiner det er viktig å kome med rapporten vår for å få fram både erfaringar med, konsekvensar av og alternativ til EØS-avtalen. Eg trur det var same grunngjeving for utvalsarbeidet den gong: ønsket om å breie ut debatten. Men i kva grad det lukkast, skal eg ikkje prøve meg på å evaluere. Eg var verken med i leiinga eller aktiv i Nei til EU den gong.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis