JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Blyanttest og DNA-prøvar

Før valet i Israel denne veka gjekk statsminister Benjamin Netanyahu, som no blir peika ut som vinnar, i allianse med eit ope rasistisk parti. Er det noko i påstanden om at Israel er i ferd med å bli ein apartheidstat?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Israelsk politi sjekkar identitetspapir utanfor gamlebyen i Jerusalem.

Foto: Mahmoud Illean / AP Photo / NTB scanpix

7403
20190412
7403
20190412

Dei to øvste rabbinarane i Israel har anbefalt ei bok som går inn for å bruke DNA-testar for å avgjere kven som er jøde og ikkje. Det får meg til å minnast blyanttesten. For 50 år sidan brukte apartheidregimet i Sør-Afrika denne langt mindre sofistikerte prøven til å avgjere om eit barn høyrde til den kvite rasen. Dei stakk ein blyant inn i håret, og dersom blyanten fall ut, kunne ikkje barnet vere kvitt. Då kunne det sjå langt etter eit privilegert liv som fullverdig borgar av den sørafrikanske republikken og vart forvist til område der ikkje-kvite skulle bu.

Israel har dei siste åra blitt samanlikna med apartheid. Nelson Mandelas barnebarn, Nkosi Zwelivelile, skriv om korleis Israel liknar meir og meir på apartheidstaten. Eg har stritta imot denne samanlikninga. Ingen bilde har gjort større inntrykk på meg enn barndommens foto av haugane av lik og utsvelta overlevande som amerikanske soldatar fann då dei gjekk inn i konsentrasjonsleirane etter Nazi-Tyskland i 1945. Forsøket på industriell utrydding av eit folk på mange millionar har ingen parallell i historia. Jødefolkets krav om sitt eige land var lett å forstå etter det. Det sit nok ein del sympati att. Den sympatien som fekk meg til å henge opp «La Israel leve»-plakatar på gymnaset i 1967.

Parallellar

I mellomtida har eg sett apartheid på nært hald. Apartheid var diskriminering ved lov, skilnaden mellom rasar var innskriven i grunnlova og forsøkt gjennomført på alle område i samfunnet. Den kvite rasen var overlegen alle andre. Det gjorde apartheid unikt på 1970- og 1980-talet, noko vi som aktivistar mot apartheid alltid la vekt på.

Det er slåande parallellar mellom historia til Sør-Afrikas boarfolk og det jødiske folket. I dag blir jødane sin rett til landet vi kjenner frå bibelhistoria, grunngitt med at jødane er Guds utvalde folk. Boarane kjende seg som Guds utvalde i Afrika, eit sjølvbilde som vart utvikla under det store trekket bort frå britane i Kappstaden og innover kontinentet. Då var det berre to ting dei kunne lite på: geværet og den hollandske bibelen.

I Bibelen fall det dei lett å kjenne ein felles lagnad med Israelsfolket. På høgslettene fann dei også sitt Kanaans land, der dei oppretta boarstatane Oranjefristaten og Transvaal. På 1900-talet utvikla presteskapet ideen om å vere eit folk utvalt av Gud til å styre i Sør-Afrika, og dette synet vart innprenta i den oppveksande slekta gjennom skulen og i kyrkjene.

Det finst meir likskap. Då den såkalla boarkrigen braut ut mellom Storbritannia og boarstatane i 1899, møtte den engelske hæren sterkare motstand enn dei hadde rekna med. Då gjekk britane drastisk til verks og internerte boarane i konsentrasjonsleirar. 28.000 barn, kvinner og menn døydde av svolt og sjukdom i desse leirane. Ein mannsalder seinare skulle dette britiske konseptet, som vi ville sagt i dag, bli kopiert av Nazi-Tyskland i ein 100 gonger større skala og med mål om full utrydding.

Forbløffande like

Konflikt handlar ofte om land. Dei to karta på denne sida er forbløffande like. Det eine (kart 1) er frå Sør-Afrika under apartheid. Det andre (kart 2) er av Israel og dei palestinske områda i dag. Fargeklattane på Sør-Afrika-kartet utgjorde bantustans, område som meir enn to tredelar av befolkninga var forviste til, og som regjeringa i Pretoria etter kvart tilbaud ein form for sjølvstende. I 1960 utgjorde kvite i Sør-Afrika 19 prosent av befolkninga. Det var denne svært ulike fordelinga av land som vart kalla grand apartheid.

På Israel-kartet har palestinarane eit slags sjølvstyre i dei gule felta. I tillegg til Gazastripa ligg desse spreidde over Vestbreidda, der dei lyseblå områda er kontrollerte av Israel, og der israelske busetnader no utgjer stadig meir av landet. Parallellen til grand apartheid er ikkje til å komme frå.

Men her byrjar forskjellane. Om lag ein tredel av palestinarane bur utanfor Vestbreidda og Gaza og blir ikkje nekta statsborgarskap i sitt eige land, slik afrikanarane vart det. Israels fridomserklæring frå 1948 slo fast at den israelske staten ville sikre full likskap i sosiale og politiske rettar for alle innbyggjarane, uavhengig av religion, rase og kjønn. Israel har ingen offisiell ideologi om at jødar er overlegne andre folkeslag.

Sterk diskriminering

Det mest iaugefallande med apartheid var skilta ein møtte overalt, frå butikkar til badestrender, på skular og på bussar: Whites only. Ekteskap mellom europearar og afrikanarar var forbode. Det var dette som var apartheids ansikt. At folk blir nekta stemmerett og jaga bort frå jorda, har skjedd mange stader, seinast i Myanmar. Det kan også vere meir brutalt enn apartheid var. Men knapt noko kan vere meir audmjukande enn kvart minutt på dagen å bli mint på at ein er andreklasses borgar og mindre verdt.

Slike lover finn ein ikkje i Israel, det har kritikarane av apartheidsamanlikninga rett i. Men murar, identitetskort og bilvegar som berre israelske settlarar kan bruke, minner stygt. Det er ei sterk diskriminering av palestinarar både i og utanfor sjølve Israel, og noko av denne diskrimineringa er også lovfesta. Det er for eksempel berre palestinarar som kan miste retten til å bu i Jerusalem. Men apartheid var diskriminering ved lov i alle delar av samfunnslivet.

Det som har gjort apartheidparallellen særleg aktuell i det siste, er proklamasjonen av Israel som nasjonalstaten for det jødiske folket, vedtatt i parlamentet i juli i fjor. Nasjonalstatslova seier at det berre er jødar som har sjølvstyrerett i Israel, og lova går føre likskapsidealet i fridomserklæringa frå 1948. Vedtaket rammar ikkje berre dei palestinske borgarane i Israel, men også hundretusenvis av immigrantar som ikkje kan prove at dei er av jødisk ætt. Sjølv om det ikkje er klart kva den nye lova vil bety i praksis, vil ho gi lite meining om ho ikkje kan gi «ekte jødar» rettar og gode som andre ikkje vil få.

Prøva ligg i framtida

Det er her forslaget om DNA-test kjem inn. For kan du ikkje prove at du er jøde, har du heller ingen rett som jøde. Den diskrimineringa er der alt i religiøse spørsmål. Du må kunne prove at du er jøde, for å ha lov å gifte deg på jødisk vis. Den framståande rabbinaren Dov Hayon vart henta av politiet om natta og skulda for å ha gjennomført eit giftarmål som ikkje var godkjent av det ultraortodokse presteskapet.

Men den verkelege prøva ligg i framtida. Det er ikkje lenger mange som trur palestinarane kan få ein eigen stat, og dei palestinske sjølvstyremaktene blir stadig svakare. Om ikkje lenge, seier spaltisten Thomas L. Friedman i New York Times, kan 2,5 millionar palestinarar vende seg til Israel og seie: «OK, de vann. Vi tapte. Tostatsløysinga er borte, så la oss bli israelske borgarar og gi oss stemmerett.» Det er lite truleg at det vil gå akkurat slik. Men kva skjer når det går opp for Israel at dei har eit ansvar for 4–5 millionar menneske som bur i dei gule flekkene på kartet, når dei også vil reindyrke den jødiske staten? Må ein nok ein gong trekkje fram George Orwells Animal Farm om korleis den undertrykte når han får makt, sjølv endar som undertrykkjaren sin?

Asbjørn Eidhammer

Asbjørn Eidhammer er tidlegare norsk ambassadør til Malawi og evalueringsdirektør i Norad.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis