Ordskifte
Bistanden verkar – når nokon stiller spørsmål
Over halvparten av Ugandas statsbudsjett har i ei årrekkje vore finansiert av internasjonal hjelp.
Foto: Heiko Junge / NTB
Noreg har dei siste 15 åra gjeve bistandsmidlar til over 100 amerikanske forskingsinstitusjonar, tankesmier og konsulentfirma, mellom dei International Peace Institute (IPI), utan at nokon har stilt spørsmål om effekten. Problemet er likevel prosessen, ikkje at bistand ikkje verkar.
I førre utgåve av Dag og Tid stiller tidlegare Norad-fagdirektør Øyvind Eggen ein diagnose som fortener merksemd. Det interne kriteriet i UD for bruk av bistandsmidlar har ikkje vore «er dette den beste bruken av pengane?», men «kan dette forsvarast som bistand?». Det er ein avgjerande skilnad. Den fyrste tilnærminga tvingar fram reelle alternativvurderingar: Kva gjev best resultat? Den andre tilnærminga opnar døra for at praktisk talt kva som helst kan finansierast.
Og det er nettopp det som har skjedd. Eggen stadfester: Støtta til mellom andre IPI vart aldri underlagd dei same resultatkrava som bistandsorganisasjonar.
I Noreg har vi statens utgreiingsinstruks (utredningsinstruksen) som skal sikre at offentlege midlar vert brukte på best mogleg vis, og at det vert gjort reelle alternativvurderingar.
I instruksen står det mellom anna: «Ufullstendig eller manglande utgreiing aukar risikoen for at det vert fatta avgjerder (...) som inneber sløsing med samfunnets ressursar.» Dessverre har UD i årevis vore det einaste departementet i Noreg som ikkje følgjer utgreiingsinstruksen.
Men – vi må ikkje kaste barnet ut med badevatnet. Hadde vi oppdaga dårleg pengebruk i norsk skulesektor, ville vi granska dei ansvarlege – ikkje slutta med utdanning. Slik må vi tenkje om bistand òg. For vi veit mykje om kva som verkar – og Noreg har i all hovudsak gjort nettopp det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.