Teknologi

«Berre i appen NRK Radio»

NRK Radio er ikkje å finna på Apple TV.
Publisert

Teknologi- og produktdirektør i NRK, Pål Nedregotten, forklarer i Dag og Tid 13. februar kvifor NRK Radio ikkje er å finna på Apple TV. Det er råd å forstå at det er krevjande å utvikla og halda vedlike appar for ei rekkje ulike teknologiske plattformer.

Det som ikkje er råd å forstå, og vanskeleg å godta, er at NRK låser podkastane sine til NRK Radio-appen og ikkje distribuerer dei med den opne standarden RSS (Really Simple Syndaction), slik som er vanleg. Podkastepisodar frå NRK sluttar som regel på denne måten: «Du har hørt en podkast fra NRK. Hør alle episodene kun i appen NRK Radio.» Ikkje berre bryt NRK ein etablert standard, dei skryter til og med av det! Analogien her blir at NRK sine radioprogram berre skulle kunne høyrast med ein radio produsert av NRK.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement