Trafikk

Banesår i Trondheim

Gråkallbanen, den einaste attverande trikkelinja i Trondheim, her frå Hoemsbrua i 1958.
Publisert Sist oppdatert

Det var ein interessant artikkel Ådne Lunde hadde om banestriden i Bergen 2. januar. Avsnittet om trikken i Trondheim var diverre misvisande.

Vedtaket om nedlegginga av sporvegen i Trondheim vart fatta med knapt fleirtal av Ap, Høgre og SV i Trondheim bystyre i juni 1988. Fleirtalet vart sikra ved at SV, som var inne i ein realpolitisk raptus, nekta ein trikkevennleg vararepresentant å møte. Når Lunde skriv at Høgre la ned Gråkallbanen, er det altså misvisande. Utan SV og Ap hadde det ikkje blitt noko fleirtal.

Nedlegginga råka dessutan fleire trikkeliner gjennom Midtbyen, og det var der trikkespora raskt vart dekte med asfalt.

Gråkallbanen sine spor frå Midtbyen til Lian vart ikkje øydelagde, difor kunne den private foreininga Gråkallbanens venner opprette Gråkallbanen AS og ta trafikken opp att på denne strekninga. Etter nokre år synte det seg at dugnadsvilje ikkje var nok, og selskapet vart selt til firmaet Connex AS, i dag Boreal Norge.

Gråkallbanen er no den nordlegaste sporvegen i verda, og han har berre ved å eksistera halde liv i debatten om skjenegåande kollektivtransport i Trondheim.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement