Arkivverket
Arkivverket og det politiske ansvaret
Riksarkivar Bolstad kan i sitt tilsvar i Dag og Tid nr. 36 på sett og vis ha rett i at Arkivverket er «i utvikling», men dessverre er det ei utvikling til å gråta over, det vi har vore vitne til dei siste ti åra. Det ho nok også har rett i, så oppsiktsvekkjande det enn kan høyrast, er at Arkivverket har omtrent dei same økonomiske rammene som før, trass i eit langt meir komplekst og teknologisk krevjande oppdrag.
Sanninga er at Bolstad i 2014 overtok ein etat som var kronisk sterkt underfinansiert. Frå 1990-talet og framover kom dei krevjande oppgåvene med å ta hand om digitalt skapte arkiv på toppen av eit stort avleveringsetterslep av gamle papirarkiv som hadde hopa seg opp ute i statsforvaltninga på grunn av den aukande arkivtilveksten i etterkrigstida. Arkivverket fekk aldri noko i nærleiken av dei ressursane som skulle til for å greia denne dobbeltoppgåva.
Den som vil gå dette nærare etter i saumane, bør studera det som stod å lesa om dei store utfordringane på arkivområdet i to stortingsmeldingar frå rett før og litt etter tusenårsskiftet, St.meld. nr. 22 (1999–2000) og St.meld. nr. 48 (2002–2003). Meldingane inneheldt talfesta planar for opptrapping av driftsløyvingane til Arkivverket, men desse vart i liten grad følgde opp i etterfølgjande budsjett.
Begge dei to førre riksarkivarane sa fleire gonger klart frå om alvoret, men dei talte og skreiv stort sett for døve politiske øyre og blinde politiske auge.
Realiteten i det oppdraget Bolstad seier ho fekk i 2014, var truleg at ho ikkje kunne rekna med særleg meir pengar, ho heller, og at ho fekk finna ut korleis ho kunne gjera det beste ut av situasjonen. Det tragiske er at ho så, i von om å frigjera ressursar til dei digitale oppgåvene, kom i skade for å demontera den mødesamt oppbygde arkivfaglege og administrasjonshistoriske rettleiingstenesta som er så avgjerande for mange viktige arkivbrukarar. Truleg forstod ikkje Bolstad før det var for seint, at ho dermed gjorde vondt til verre. No trøystar ho seg sjølv med å skulda på «dei som saknar gamle dagar».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.