Arkivverket
Arkivverket – i utvikling, ikkje avvikling
Ein som studerer gamle dokument på lesesalen hos Riksarkivet.
Foto: Thomas Brun / NTB
Det finst fleire og betre måtar å nå publikum på enn tradisjonell formidlingsverksemd og éin-til-éin-betening på lesesalane. I Arkivverket bruker me teknologi for å hjelpa brukarane våre, slik at me kan vareta både dei og samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis.
Dei siste vekene har Jan H. Landro , Anne Blengsdalen og John Herstad karakterisert Arkivverket som vengeklipte, avvikla og lukka. Statsarkiva skal vera tømde, fagmiljøa brotne ned og Digitalarkivet ein «graut». Kritikarane hevdar at eg, frå eg tiltredde som riksarkivar i 2014, medvite har bygd ned fysisk tilgang, kompetanse og formidling.
Dette er ei forfallsforteljing som resonerer hos dei som saknar gamle dagar. Men sjølv om nokre element i framstillinga stemmer, er ikkje forteljinga sann.
Ny røyndom
Det er rett at me sidan 2014 har redusert opningstider, endra bemanning og flytta delar av rettleiinga frå fysiske rom til digitale flater. Men dette er ikkje uttrykk for eit ønske om å stengja folk ute eller ei manglande forståing for behovet til brukarane. Det er resultatet av ei klar overstilling for å møta ein ny røyndom, der me både må bevara enorme mengder digitale arkiv og sikra at flest mogleg får lik tilgang til dei kjeldene me allereie forvaltar. Arkivverket er ikkje i forfall – me er i utvikling.
Samfunnsoppdraget vårt er omfattande, og det har vorte mykje større: Arkivverket skal bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og sikra, bevara og tilgjengeleggjera eit breitt og allsidig utval av arkiva i samfunnet. Me har ansvar for faglege standardar, retningslinjer, tilsyn og rettleiing for offentleg arkivarbeid, og dessutan for å setja i verk nasjonal arkivpolitikk og bidra til utvikling av arkivsektoren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.