Kommentar

Arkivverket, ein institusjon under avvikling

Korleis kan det ha seg at vi har eit hyperaktivt, blomstrande nasjonalbibliotek og eit sjølvdaudande arkivverk?

Frå lesesalen til Riksarkivet ved Sognsvann i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

Desse to institusjonane utgjer kvar sin halvdel av vårt skriftbaserte kollektive minne, båe er like viktige, men Arkivverket har i fleire år vore i full demontering.

Skilnaden mellom to institusjonar som skulle vere likeverdige, er til å gråte over. Der den eine opnar seg mot verda og møter publikum på stadig nye måtar, har den andre gått i hi og ser det tilsynelatande som si viktigaste oppgåve å redusere den offentlege tenesteytinga til eit absolutt minimum.

Opningstider

Det synest vere eit hovudmål å tømme lesesalane på statsarkiva, kvitte seg med bygningane og sentralisere verksemda til Sognsveien 221, der riksarkivleiinga knapt kan skuldast for å vere innstilte på å yte brukarane maksimal service. For der verkar det som mantraet er: Hald publikum unna! Då er det jo naturleg at opningstida per veke på lesesalane i Riksarkivet berre utgjer om lag 40 prosent av opningstida i Nasjonalbiblioteket.

Før kunne statsarkiva låne inn arkivsaker frå andre arkiv. Det er det slutt på. Brukaren må no sjølv reise for å oppsøkje kjeldene. Det er dyrt og tek mykje tid. 

Dei fleste vil resignere, slik kjem stadig færre på lesesalane, og stadig færre får hjelp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement