JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Angra Rudolf Höss?

Kven var Rudolf Höss, kva rørte seg i denne mannen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rudolf Höss t.h.

Rudolf Höss t.h.

Foto: SS-mennene

Rudolf Höss t.h.

Rudolf Höss t.h.

Foto: SS-mennene

2583
20240322
2583
20240322

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Historie

Jonathan Glazers film The Zone of Interest omtalt i siste Dag og Tid og nyleg tildelt Oscar for beste internasjonale film er ei sterk og svært ubehageleg oppleving. Kanskje eit forsøk på å skjøna, men eg sit att med den same vonde og uforståelege kjensla som etter ei vitjing i Auschwitz!

Kven var Rudolf Höss, kva rørte seg i denne mannen? Han var utan tvil ein overtydd nazist og antisemitt like frå han i 1922 for første gong høyrde Hitler tala. Han vaks opp i ein katolsk familie, og var som barn ministrant under messefeiringa, faren hadde nok tiltenkt han ein geistleg karriere. 21 år gammal tek Höss avstand frå katolisismen, heretter er det naziideologien som blir hans livssyn.

Etter det tyske nederlaget flykta han under falsk identitet, men vart oppspora av britiske agentar, arrestert, dømd og avretta 16. april 1947. I fengselscella skreiv han ein sjølvbiografi der han lik Eichmann argumenterer for at han berre gjorde si plikt mot fedrelandet. Men det er òg ei anna historie som har dukka opp i samband med Jonathan Glazers film.

«Han var utan tvil ein overtydd nazist og antisemitt.»

Ein spesiell prest

I påskeveka 1947, få dagar før han vart avretta, skal Höss har bede om å få møta ein prest, ein spesiell polsk prest som det etter kvart lukkast å spora opp. Det er jesuittpresten Wladyslaw Lohn, som Höss har møtt tidlegare i utryddingsleiren. Hans medbrør frå Krakow vart drepne i leiren, og fader Lohn gjekk friviljug inn for å leita etter dei. Höss vart så imponert over hans mot at han vart sleppt fri!

I april 1947 er det reist ein galge utanfor gasskammeret i Auschwitz, få meter frå villaen som er skildra i filmen. Kort tid før avrettinga skriv den tidlegare kommandanten ei erklæring der han gjev uttrykk for anger over dei lidingar han har påført andre, spesielt det polske folk, han går til skrifte og får nattverd av fader Lohn. Ut ifrå sjølvbiografien er det nærliggjande å oppfatta dette som eit spel for galleriet? Men etter katolsk lære er ingen brotsverk så store at dei ikkje kan tilgjevast i skriftemålet, under føresetnad av anger og omvending.

Ekte anger?

Den polske presten Wladyslaw Lohn var ein mann med integritet og mot langt utover det vanlege, og han tok neppe lett på denne tunge børa som var lagd på hans skuldrer. Det som er sikkert, er at dersom Rudolf Höss verkeleg viste ekte anger over det han hadde gjort, må han ha vore unntaket blant nazistane som gjennomførte holocaust.

Frode Thorup er kardiolog med interesse for historie.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis