Alt eller ingenting i jorda
Å skrive for «alle» er ei krevjande verksemd, skriv Dag Jørund Lønning i ein kommentar til meldinga mi av boka hans, Jordboka. Og det kan eg sjølvsagt skrive under på. Eg kunne halde på ei stund og grunna på om det i det heile er ein god idé, men skal avgrense meg til at om boka er så godt motteken som han sjølv hevdar, er det sjølvsagt uflaks at nett ho som melder boka, meiner noko heilt anna.
Eg hadde gledd meg til boka. At eg ikkje lærte noko anna nytt enn at det er forska fram ein fleirårig kveite, gjorde meg rett ut skikkeleg skuffa. Men sidan Lønning går så langt som å hevde at eg tek feil utan å kome med eit einaste konkret eksempel (det er skilnad på feil og usamd), skal eg i staden tillate meg å kome med eit par til som bygger under poenga mine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.