Alt eller
ingenting i jorda
LITTERATUR
Å skrive for «alle» er ei krevjande verksemd, skriv Dag Jørund Lønning i ein kommentar til meldinga mi av boka hans, Jordboka. Og det kan eg sjølvsagt skrive under på. Eg kunne halde på ei stund og grunna på om det i det heile er ein god idé, men skal avgrense meg til at om boka er så godt motteken som han sjølv hevdar, er det sjølvsagt uflaks at nett ho som melder boka, meiner noko heilt anna.
Eg hadde gledd meg til boka. At eg ikkje lærte noko anna nytt enn at det er forska fram ein fleirårig kveite, gjorde meg rett ut skikkeleg skuffa. Men sidan Lønning går så langt som å hevde at eg tek feil utan å kome med eit einaste konkret eksempel (det er skilnad på feil og usamd), skal eg i staden tillate meg å kome med eit par til som bygger under poenga mine.
For eg har sjølvsagt fleire grunnar til å hevde at overdriven generalisering ikkje er av det gode enn det eine som fekk plass på prent. Som at Lønning siterer ein gartnar på at «I naturen er det ingen som gjødsler». Det er det sjølvsagt: Dei heiter dyr. Og eg har fleire grunnar til å hevde at Lønning ikkje går grundig nok til verks – som når han skildrar det fantastiske matjordlaget i Sri Lanka så å seie berre frå eit togvindauge og utan å la forvaltarane av jorda få kome til orde. Og sjølv om boka ikkje er meint som ei debattbok, er ho like fullt full av påstandar som vekker debatt. Då bør det vere på sin plass å kommentere korleis påstandane vert framførte.
Siri Helle er agronom og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
LITTERATUR
Å skrive for «alle» er ei krevjande verksemd, skriv Dag Jørund Lønning i ein kommentar til meldinga mi av boka hans, Jordboka. Og det kan eg sjølvsagt skrive under på. Eg kunne halde på ei stund og grunna på om det i det heile er ein god idé, men skal avgrense meg til at om boka er så godt motteken som han sjølv hevdar, er det sjølvsagt uflaks at nett ho som melder boka, meiner noko heilt anna.
Eg hadde gledd meg til boka. At eg ikkje lærte noko anna nytt enn at det er forska fram ein fleirårig kveite, gjorde meg rett ut skikkeleg skuffa. Men sidan Lønning går så langt som å hevde at eg tek feil utan å kome med eit einaste konkret eksempel (det er skilnad på feil og usamd), skal eg i staden tillate meg å kome med eit par til som bygger under poenga mine.
For eg har sjølvsagt fleire grunnar til å hevde at overdriven generalisering ikkje er av det gode enn det eine som fekk plass på prent. Som at Lønning siterer ein gartnar på at «I naturen er det ingen som gjødsler». Det er det sjølvsagt: Dei heiter dyr. Og eg har fleire grunnar til å hevde at Lønning ikkje går grundig nok til verks – som når han skildrar det fantastiske matjordlaget i Sri Lanka så å seie berre frå eit togvindauge og utan å la forvaltarane av jorda få kome til orde. Og sjølv om boka ikkje er meint som ei debattbok, er ho like fullt full av påstandar som vekker debatt. Då bør det vere på sin plass å kommentere korleis påstandane vert framførte.
Siri Helle er agronom og fast skribent i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.