Miljø
Agg mot elbilar
Eit batteri til ein elbil blir reparert.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
I Dag og Tid 6. mars rasar Anders Skonhoft , professor emeritus i samfunnsøkonomi, mot norsk elbilsatsing. Han påstår at verkemiddelbruken er dårleg, og at elbilar uansett ikkje er bra for miljøet.
Elbilforeningen og Skonhoft kan vere samde om éin ting: Noreg er verdsmeister i elbilsatsing fordi norske politikarar har valt å overhøyre motstemmene frå samfunnsøkonomar.
Vi elbilistar lurer tidvis på om agg mot elbilsatsinga har vorte valfag på institutta for samfunnsøkonomi. Og om ein misliker dette klimatiltaket så mykje: Kva med å forsøke å teikne ein realistisk alternativ visjon for korleis ein kan løyse klimakrisa, heller enn denne evinnelege sytinga.
Det grunnleggande først: Hovudårsaka til klimaendringane er utslepp frå forbrenning av fossil energi. Løysinga er overgang til fornybar energi og reduksjon av energibruk.
Forbrenningsmotoren er i stor skala avhengig av fossil energi. Overgang til elbilar gjer det mogleg å nytte alle moglege former for fornybar energi i vegtransporten.
Forbrenningsmotoren er dessutan håplaust energikrevjande. Ein fossilbil bruker om lag tre gonger så mykje energi som ein tilsvarande elbil. Overgang til elbilar er difor energisparing i praksis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.