Å nei. No er også Wikipedia krenkt
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Kjeldebruk
Triste greier. I Dag og Tid 17. mars stilte eg nokre kritiske spørsmål om kjeldebruk og anonymisering av artikkelforfattarane i Wikipedia på norsk.
Då viste det seg at ein som kallar seg Knut i Wikipedia, er Knut Skorpen, i det sivile mellom anna styreleiar ved Helgeland Museum. Til liks med Skorpen svara styreleiar Marie Nicolaisen i Wikimedia Norge, i det daglege ved Musea i Sogn og Fjordane, på kritikken.
Begge bruker same argumentet, begge er foruretta.
Hadde berre Grepstad visst noko om korleis Wikipedia blir laga, sukkar Skorpen. Grepstad viser lite kunnskap om kva Wikipedia er, hevdar Nicolaisen. I Wikipedia meiner ein altså at det er retorisk smart å skulde ein kritikar for vankunne. Eg ønskjer lykke på ferda.
Styreleiar Nicolaisen liker ikkje å måtte svare for det som står i Wikipedia, for Wikipedia har ingen redaksjon. Nei, og det er det som er problemet. I februar 2023 skreiv 3200 på artiklar i Wikipedia Bokmål og Nynorsk, fortel Nicolaisen, men nemner ikkje kor mange av desse som var pseudonyme. Det redaksjonelle ansvaret er ikkje definert, og svært mange av forfattarane er anonyme.
Når eg kritiserer dette offentleg, svara styreleiaren i beste tidsånd at ei heil kunnskapsrørsle er utsett for åtak, på ny. Brått førte Wikipedia seg inn i manntalet for dei krenkte.
Kjeldekritikken min var at opphavspersonen til sentrale opplysningar i artikkelen om bokbål i Wikipedia Bokmål ikkje er kreditert. I staden viser Wikipedia til ein artikkel av ein namngitt journalist, som om opplysningane kjem frå denne journalisten. Hadde artikkelforfattarane nemnt forfattar og boka Brent ord, nett slik journalisten i Bergens Tidende gjer, hadde kjeldetilvisinga vore grei, same kor lettvint kunnskapsformidling det er.
Marie Nicolaisen spør om det ikkje er drygt å kalle dette juks. Vi kan godt snu om på bokstavane og kalle det sjusk. Problemet blir ikkje mindre av det Nicolaisen forsvarar seg med.
Brent ord kan lånast gratis på kvart einaste bibliotek, og den er framleis til sals i alle bokhandlar landet rundt. Dette held ikkje for Nicolaisen. Wikipedia bruker intervjuet i ei etablert avis som kjelde av di boka ikkje er allment tilgjengeleg på Internett. Dette framstiller ho som eit prinsipp, men det prinsippet har eg sett lite til i dei lange og ofte svært gode kjeldeinnførslane i til dømes Wikipedia Deutsch.
Dessutan, avisintervjuet er slett ikkje allment tilgjengeleg på nett. Der kan det berre lesast av dei som abonnerer på Bergens Tidende eller kjøper seg tilgjenge på anna vis. Også styreleiar Nicolaisen bør altså sjekke kjeldene sine betre.
I mange land må ein skrive anonymt for å kunne skrive fritt, poengterer Nicolaisen. Ja visst, men eg snakkar om Noreg. Etter tjue år med digitale kommentarfelt er det allmennkunnskap at det forpliktar å signere i staden for å gøyme seg vekk under pseudonym. Også i trykte leksikon var anonymitet lenge norma. Frå første heftet i 1946 etablerte Norsk Allkunnebok det som etter kvart blei sjølvsagt: Sjølv dei minste artiklane er signerte.
Også i Wikipedia burde den overordna norma no vere at kvar og ein skriv under fullt namn. Så skriv ein anonymt i dei statane og i dei høva der det må til. Bruk berre ikkje undertrykkinga av ytringsfridomen i andre land som forsvar for at ein mann med makt, Knut Skorpen, gøymer seg når han rettar éin bokstav i ein artikkel i Noreg og Norge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.