Noregspris
5000 kWh per månad er for mykje
I Dag og Tid 26. september er professor i samfunnsøkonomi Lars Sørgard intervjua om noregspris og hevdar blant anna at ordninga «vil sparke bein under straumsparing og energieffektivisering» fordi fastprisen ikkje gjev insentiv til å spara straum.
Dette kan kanskje vera rett, sjølv om nettavgifta etter mitt syn framleis vil vera eit kraftig straumsparingsinsentiv for dei fleste vanlege hushald.
Men det er eitt sparetiltak som ingen nemner i den offentlege debatten om noregspris, heller ikkje i intervjuet i Dag og Tid, nemleg grensa som er sett på 5000 kWh per månad for bustader. Dette er så vidt eg kan forstå, ei veldig høg grense. Sjølv har eg ei leilegheit (bygd i 2000 og dermed ikkje isolert etter dagens norm) på ca. 135 kvadratmeter, og straumforbruket var på ca. 11.000 kWh for heile 2024. Da kan ein lure på kor store bustader som bruker opp mot 5000 kWh på ein månad. Denne grensa må vera sett altfor høgt og fører vel til subsidiering av straumforbruket til velståande huseigarar med store hus. Dei treng ikkje spara. Kanskje kunne ei grense på 2500–3000 kWh per månad ha vore eit betre insentiv til straumsparing?
Sørgard meiner at eit fast månadleg beløp ut frå storleiken på tidlegare forbruk ville ha vore betre. Det er heller ikkje ei straumstøtteordning med sosial profil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.