JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Arkitektur: «Heile vår klode vert einsretta i eitt allmektig formspråk.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Modernisme ved Vøringsfossen.

Modernisme ved Vøringsfossen.

Foto: Ulf Andenæs

Modernisme ved Vøringsfossen.

Modernisme ved Vøringsfossen.

Foto: Ulf Andenæs

3770
20241011
3770
20241011

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Arkitektur

I eit åtak på Arkitekturopprøret («Spor av tid i arkitekturen», Dag og Tid 4. oktober) samanliknar Ottar Grepstad kritikken av modernistisk byggeri med «foreldreaksjonen mot samnorsk» kring 1950. Den samanlikninga vonar eg Grepstad må vera nokså aleine om. Med dette plantar han debatten om det norske bygningsmiljøet på eit fåfengt blindspor.

Om det er noko som kjenneteiknar verda i dag, må det vera den vanheilage alliansen mellom ein globalisert storkapital og ein brutal arkitektur som knuser natur og landskap frå Los Angeles i vest til Shanghai i aust og lenger. Heile vår klode vert einsretta i eitt allmektig formspråk, alltid eins å sjå, der alle teikn til nasjonale, regionale og lokale merkesteinar vert utviska. I bustadbygginga starta modernistane med ein sosial bodskap, med eit program for å lyfta småkårsfolket, men stadig sterkare i dei seinare åra har det vorte ein arkitektur for makta og særleg pengemakta.

Frå Kultur-Noreg. Det nye kunstsenteret i Lillestrøm.

Frå Kultur-Noreg. Det nye kunstsenteret i Lillestrøm.

Foto: Ulf Andenæs

Den radikale samfunnstenkaren Ivan Illich peika på, i sitt skrift om tilhøvet mellom menneske og bygnader: «I løpet av den siste menneskealderen, mest overalt i verda, har lokalsamfunnet med overveldande maktmiddel vorte rana for si stadeigne busetjing.» (Dwelling, 1984.)

Rundt om i det globale sør kjem i dag fråsegner mot utarminga av nasjonale og lokale bygningskulturar. Det tidlegare mangfald kulturane imellom vert valsa ned av den same einspora modellen med det same formspråket etter mønster av den vestlege storindustrien, i ein avart av nykolonialisme, hevdar dei. (Sjå til dømes Pune Decaration on the State of Architecture in India, Pune, Maharashtra, 2020.)

Dette må vera eit aldri så lite steg frå foreldreaksjonen mot samnorsk, Grepstad!

Vi nordmenn har arva eit magisk landskap, i eit makelaust samliv med ein magisk bygningsarv. Korleis halda denne nasjonale skatten i hevd? I Dag og Tid har særleg Erik Solheim skrive ei lang rekkje artiklar med djupaste innsikt om korleis bygningsarven kan vølast og førast vidare inn i ei ny tid. Diverre har altfor mykje i bygd og by og i tettstadene vorte misforma i ein skapnad som har smadra magien i det norske landskapet, både i bokmålsland og i nynorskland, helst konstruert med klimaverstingen betong, og sletta alle spor etter nasjonal og lokal bygningsarv. Eg vågar å tru at Grepstad kan vera samd med meg i at for mykje av utbygginga dei siste tiåra har vore ei modernisme på vrang kurs.

Kvifor er det at nokre blant oss, etter snart hundre år med drøvtygging på modernisme og brutalisme, etterlyser ein arkitektur med innslag av variasjon, ornament, venleik, varme, fargar og venlege, sanselege former, som vi har vore sveltefora på? Det er uttrykk for ein trong i sjela som ikkje kan undertrykkjast i lengda.

Modernismen har ein pris: I sitt praktfulle bokverk om norsk treskurd (utgjeve på Samlaget) fortel kunsthistorikaren Ellen Marie Magerøy om korleis den norske treskjeringskunsten synte sin meisterskap like frå Osebergskipet, gjennom alle hundreår til eit siste høgdepunkt under jugendstilen tidleg på 1900-talet. Men då modernismen fekk sitt gjennombrot, fylgde dogmet frå dei modernistiske ideologane om at dekorasjon skulle bannlysast, og treskurden gjekk ei hard tid i møte, med fare for banesår, for kva var han utan dekor? Slik vart modernismen eit sant trugsmål mot ei dyrebar kunstform der nordmenn hadde gjort storverk til alle tider.

Det som pynta seg med namnet modernisme, er etter eit hundreår ved makta ikkje lenger moderne. Eg vonar den dag kjem då ei istid i arkitekturen vil vera omme, av di folk har fått nok. Kan henda eit opprør mot istida kan gjeva linnvêr i frosne hjarto?

Ulf Andenæs er journalist og forfattar av 'Arkitekturoppgjøret' (2022).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar
Odd W. Surén

Orda mellom oss

Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.

Teikning: May LInn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis