Tubaspel på nye måtar

Martin Taxt og Microtub byr på stillferdige klangflater i eit djupt register.

I trioen Microtub spelar Martin Taxt (t.v.), Robin Heyward og Peder Simonsen.
I trioen Microtub spelar Martin Taxt (t.v.), Robin Heyward og Peder Simonsen.
Publisert Sist oppdatert

Samtidsmusikk

Det norske plateselskapet Sofa har sidan starten i 2000 stått bak rundt 90 utgjevingar med ulike typar samtidsmusikk, ofte av det improvisasjonsbaserte slaget. I 2010 overtok tubaisten Martin Taxt drifta av selskapet, men dette er den første soloplata hans.

Taxt er mellom anna kjend frå Music for a While og Verdensteateret, men har i seinare tid spesialisert seg på mikrotonalitet. Her spelar han saman med Inga Margrete Aas på kontrabass og viola da gamba, og saman skaper dei musikk prega av klangflater i eit djupt register som endrar seg langsamt. Musikken er klipt saman av studioopptak og konsertopptak frå Levinsalen på Noregs musikkhøgskule i Oslo, der videokunst av Kjell Bjørgenengen òg var ein del av heilskapen. CD-omslaget inneheld stillbilde frå videoane.

Verket er tenkt som ei hylling til det japanske terommet og tatamimatta. Og roa og sjølvkontrollen som er ein del av desse fenomena, pregar òg musikken. Taxt utforskar i fleire av prosjekta sine sambandet mellom arkitektur og musikk, og her vert lyden ein stad for kvile og kontemplasjon.

I trioen Microtub spelar Taxt saman med ytterlegare to tubaistar: Robin Heyward og Peder Simonsen. Sistnemnde spelar dessutan modular synth.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement