Tubaspel på nye måtar
Martin Taxt og Microtub byr på stillferdige klangflater i eit djupt register.
I trioen Microtub spelar Martin Taxt (t.v.), Robin Heyward og Peder Simonsen.
Foto: Sofa
Samtidsmusikk
Martin Taxt:
First Room
Sofa
Samtidsmusikk
Microtub:
Sonic Drift
Sofa
Det norske plateselskapet Sofa har sidan starten i 2000 stått bak rundt 90 utgjevingar med ulike typar samtidsmusikk, ofte av det improvisasjonsbaserte slaget. I 2010 overtok tubaisten Martin Taxt drifta av selskapet, men dette er den første soloplata hans.
Taxt er mellom anna kjend frå Music for a While og Verdensteateret, men har i seinare tid spesialisert seg på mikrotonalitet. Her spelar han saman med Inga Margrete Aas på kontrabass og viola da gamba, og saman skaper dei musikk prega av klangflater i eit djupt register som endrar seg langsamt. Musikken er klipt saman av studioopptak og konsertopptak frå Levinsalen på Noregs musikkhøgskule i Oslo, der videokunst av Kjell Bjørgenengen òg var ein del av heilskapen. CD-omslaget inneheld stillbilde frå videoane.
Verket er tenkt som ei hylling til det japanske terommet og tatamimatta. Og roa og sjølvkontrollen som er ein del av desse fenomena, pregar òg musikken. Taxt utforskar i fleire av prosjekta sine sambandet mellom arkitektur og musikk, og her vert lyden ein stad for kvile og kontemplasjon.
I trioen Microtub spelar Taxt saman med ytterlegare to tubaistar: Robin Heyward og Peder Simonsen. Sistnemnde spelar dessutan modular synth.
Også her er det ro og fråvær av dramatikk/kontrastar som særpregar musikken. Nett dette er også kjenneteikn på ulike typar ambient musikk og meditasjonsmusikk, men Taxt og medspelarane hans serverer aldri keisame og sløvande lydteppe, sjølv om det heile tida kling mjukt og behageleg. Formmessig er dette stramt, og mikrotonaliteten har ein verknad som vennleg pressar oss til å legga merke til dei små detaljane.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.